Audun Maråk 1
GÅR UT: Eitt av regionlaga i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt vil ha vurdert om organisasjonen skal gå ut av Norges Fiskarlag. I dag kan Fiskebåt Vest gi administrerande direktør Audun Maråk same beskjed. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Maktkamp kan splitte fiskarlaget

I dag skal Fiskebåt Vest stemme over om dei skal vurdere alternativ til å vere med i Norges Fiskarlag.

01.12.2023

Bransje- og arbeidsgiverorganisasjonen Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten, og er delt i tre regionlag, Nord, Vest og Sør.

Fredag møtes Fiskebåt Vest til årsmøte på Hotel Alexandra i Loen, mellom anna for å ta stilling til framtidig organisasjonstilknytning.

Eit samrøystes årsmøte i Fiskebåt Nord har allereie bedt styret i Fiskebåt starte prosessen med å vurdere alternative organisasjonstilknytningar.

Neste veke kan Fiskebåt Sør gjere det same.

Har samla fiskerinæringa
Fiskebåt er ein av tre organisasjonar i Norges Fiskarlag. Dei to andre er Sør Fiskarlag og Nord Fiskarlag.

I tillegg er konkurrenten Norges Kystfiskarlag, men den er ikkje større enn at Norges Fiskarlag omfattar storparten av fiskerinæringa.

Så lenge Norges Fiskarlag er samla blir mykje av dei interne interessekonflikten i fiskerinæringa - mellom anna om fordeling av fiskerkvotar mellom ulike grupper - handsama i organisasjonen, og presentert som eit samla kompromiss for heile næringa utad.

Vurderte NHO i 2003
Også for 20 år sidan vurderte Fiskebåt - den gongen Fiskebåtredernes Forbund - å bryte ut av fiskarlaget, og heller søkje medlemskap i NHO.

Det blei det ikkje noko av, men no er ei skilsmisse frå fiskarlaget aktuelt på nytt.

Bakgrunnen er ei omorganisering av Norges Fiskarlag til berre tre underorganisasjonar; Fiskebåt, Sør- og Nord Fiskarlag.

Styret i fiskarlaget hadde tilrådd at dei tre organisasjonane skulle få like mange stemmer og lik representasjon i Norges Fiskarlag, men fekk ikkje naudsynt fleirtal på årsmøtet i november.

Legg ansvaret på Nord Fiskarlag
Dermed vil Nord Fiskarlag framleis ha meir enn ein tredjepartar av stemmene i Norges Fiskarlag, i alle fall dei to neste åra.

Fiskebåt legg ansvaret på Nord Fiskarlag, for at det ikkje blei fleirtal for lik representasjon.

«Delegatane frå Nord Fiskarlag stansa arbeidet med å omorganisere Norges Fiskarlag til tre likeverdige medlemslag», skriv Fiskebåt på si nettside.

Betalar mest
Fiskebåt vedtok allereie på årsmøtet sitt i februar i år at det skulle vurderast å finne alternativ til medlemskapet i Norges Fiskarlag dersom det ikkje blei ei lik maktfordeling mellom dei tre underorganisasjonane i Norges Fiskarlag.

Fiskebåt viste i vedtaket til at det er Fiskebåt sine medlemer som betalar mest for å finansiere Fiskarlaget:

"Fiskebåts medlemmer står i dag for om lag 75 prosent av medlemsavgiftene til Norges Fiskarlag, men har likevel begrenset innflytelse gjennom kun 4 av 14 landsstyrerepresentanter, og 17 av 69 landsmøtedelegater. Den havgående flåten risikerer derfor å tape i viktige interesseavveininger mellom flåtegruppene i Fiskarlagets styrende organ.", heiter det i vedtaket.

Publisert: 01.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 14.02.2024 11:56

Mer om