Jonas gahr støre yara birkeland foto Torstein Bøe NTB 22
VIL VURDERE TILTAK: Vurderinga av koronatiltaka, er ei løpande vurdering, påpeiker statsminister Jonas Gahr Støre. Foto: Torstein Bøe/NTB Pool
Nytt

Vurderer å fjerne koronatiltak denne veka

– Det kan komme noko før 17. februar, seier statsministeren.

Marius Rosbach
07.02.2022
(NPK-NTB-Johan Falnes): Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier regjeringa allereie i løpet av veka vil vurdere om koronatiltak kan fjernast.


Helsedirektoratet og Folkehelsestyresmaktene skal no gi råd til regjeringa om vegen vidare, opplyser statsministeren.

– Dei har i oppdrag å vurdere dette løpande. Så utover i veka skal vi vurdere om det er rom for å gjere det tidlegare, seier Støre til NTB.

Han minner likevel om at omikronbølgen no kan vere nær toppen.

– Eg er òg oppteken av kontroll når vi har smittetal som er veldig høge.

Løpande vurdering
Då førre pakke med lettar kom 1. februar, vart det varsla at regjeringa tek sikte på å oppheve dei siste restriksjonane innan 17. februar. Føresetnaden er at utviklinga blir som venta.

Men i ettertid har Støre fleire gonger opna for at lettane òg kan komme tidlegare.

– Vi har sagt at vi vurderer det løpande. Så det kan komme noko før 17. februar, seier han.

Tiltak som framleis gjeld, er:

  • Ei tilråding om å halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.
  • Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde.
  • Danseforbod i utelivet.
  • Påbod om at smitta må isolere seg i minst fire døgn.

Langtidsverknader
Måndag var statsministeren på Stovner i Oslo, der han deltok på opninga av eit nytt senter for helsefremjande tenester. Der fekk han òg ei oppdatering om nokon av langtidsverknadene covid-19 har hatt for innbyggjarane i bydelen.

Ei stor spørjeundersøking i Stovner viser at mange innbyggjarar opplever at økonomien har vorte dårlegare i løpet av pandemien, både i form av auka utgifter og reduserte inntekter, fortel assisterande bydelsdirektør Andreas M. Behring.

Samtidig opplever mange at den psykiske helsa er svekt. Det gjeld særleg hos dei under 30 år.

I tillegg svarer heile 27 prosent av dei som har hatt covid-19, at dei ikkje er heilt friske. Dei vanlegaste langtidsverknadene er at ein er slapp og sliten, at ein er tungpusta, og at ein har problem med smakssansen og luktesansen.

– Det er bekymringsverdig, seier Behring til NTB.

Ifølgje han prøver bydelsleiinga no å tenkje annleis og lage nye tilbod for å dekkje dei nye behova som innbyggjarane på Stovner har som følgje av pandemien.

– Vi har veldig høgt trykk på å prøve å tenkje på korleis vi kan førebyggje, og korleis vi kan følgje opp dei som har desse utfordringane.

Lovar å følgje opp
Støre rosar bydelen for å ha gjort mykje for å samle kunnskap og setje inn tiltak.

– Så her er det døme å ta med vidare, seier han til NTB.

– Det som er urovekkjande, er at veldig mange melder om at dei har utfordringar etter sjukdom, både fysisk og psykisk.

Han er klar på at dette er problem som også regjeringa må følgje opp.

– Vi må ha ein kommuneøkonomi som gjer at kommunen og bydelen kan svare. Det vil vere viktig for å få folk tilbake i jobb. Det er viktig for økonomien, seier Støre.

– Og så skal vi frå regjeringa òg følgje opp når vi lagar statsbudsjett.

(©NPK)

Publisert: 07.02.2022 15:20

Sist oppdatert: 07.02.2022 15:24

Mer om