Nytt
Waves4Power frir til Nordvestlandet
Bølgjekraftselskapet Waves4Power skal hente inn 15 millionar i ny eigenkapital, og vil ha investorar på Nordvestlandet med på laget. Ser mot oppdrettsbransjen som ny marknad.
18.08.2017
Waves4Power har allereie levert sin første straum frå bølgjekraftverket selskapet har til testing ved Runde.
I løpet av hausten er planen å starte produksjon av bøyene til bølgjekraftverk i verkstadshallen som tidlegare husa seksjonsbygging til Ulstein Group i Vanylven.
Det er ei kapitalutviding som er open for alle, men Waves4Power, som i dag er dominert av svenske eigarar, er spesielt interssert i år få investorar på Nordvestlandet med på laget seier administrerande direktør Ulf Lindelöf.
Emisjonen vil gi investorane som går med ein eigarandel på rundt 15 prosent i selskapet, i følgje Lindelöf. Neste steg kan vere ei børsnotering.
- Det blir fleire emisjonar og vi diskuterer å gjere ei børsnotering, seier Lindelöf.
Ideen er å tilby oppdrettarane ein heil pakke, der bølgjekraftverk rett ved anlegget gjer anlegga i sjøen uavhengig av energitiførsel frå land. Om dagen blir straumen brukt til drifta av anlegget, om natta - når energiforbruket er mindre - blir den brukt til å produsere hydrogen - som både kan drive generatorar på anlegget og forsyne hydrogendrivne servicebåtar med drivstoff.
Bølgjekraftverk kan og drive avsaltinganlegg for å produsere ferskvatn på anlegga.
Utviklinga av oppdrett-satsing skjer i samarbeid med oppdrettselskapet Salmonor.
Kostnaden er avgjerande for å lukkast, seier Lindelöf.
Les fleire artiklar om Waves4Power og frå oppdrettsmessa Aqua Nor 2017 under Relaterte saker
I løpet av hausten er planen å starte produksjon av bøyene til bølgjekraftverk i verkstadshallen som tidlegare husa seksjonsbygging til Ulstein Group i Vanylven.
Frir til Nordvestlandet
No er eit prospekt til ein ny emisjon i selskapet på veg ut i marknaden.Det er ei kapitalutviding som er open for alle, men Waves4Power, som i dag er dominert av svenske eigarar, er spesielt interssert i år få investorar på Nordvestlandet med på laget seier administrerande direktør Ulf Lindelöf.
Emisjonen vil gi investorane som går med ein eigarandel på rundt 15 prosent i selskapet, i følgje Lindelöf. Neste steg kan vere ei børsnotering.
- Det blir fleire emisjonar og vi diskuterer å gjere ei børsnotering, seier Lindelöf.
Ser mot oppdrett
Denne veka var Lindelöf på oppdrettsmessa Aqua Nor i Trondheim for å presentere Waves4Power for oppdrettsbransjen.Ideen er å tilby oppdrettarane ein heil pakke, der bølgjekraftverk rett ved anlegget gjer anlegga i sjøen uavhengig av energitiførsel frå land. Om dagen blir straumen brukt til drifta av anlegget, om natta - når energiforbruket er mindre - blir den brukt til å produsere hydrogen - som både kan drive generatorar på anlegget og forsyne hydrogendrivne servicebåtar med drivstoff.
Bølgjekraftverk kan og drive avsaltinganlegg for å produsere ferskvatn på anlegga.
Utviklinga av oppdrett-satsing skjer i samarbeid med oppdrettselskapet Salmonor.
Må få opp produksjonen
Under presentasjonen for oppdrettsnæringa var Waves4Power klar på at selskapet må få opp produksjonen av anlegg for å få prisen på bølgjekrafta ned til eit konkurransedyktig nivå.Kostnaden er avgjerande for å lukkast, seier Lindelöf.
Les fleire artiklar om Waves4Power og frå oppdrettsmessa Aqua Nor 2017 under Relaterte saker
Det blir fleire emisjonar og vi diskuterer å gjere ei børsnotering
Publisert: 18.08.2017 10:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13