West Maritime og Synfaring startar felles selskap
Vil byggje opp eit komplett tilbod innan inspeksjon, sertifisering og ingeniørtenester, blant anna stabilitet.
Det Bergen-baserte selskapet Synfaring har saman med West Maritime i Fosnavåg etablert Synfaring Møre. West Maritime eig 30 prosent i det nye selskapet, som får hovedkontor i Fosnavåg.
- Vi arbeider i hovudsak med design og stabilitet. Synfaring er store på inspeksjon og sertifisering av fiskefartøy.
- Gjennom å starte eit nytt felles selskap vil vi levere eit meir komplett tilbod til fiskebåtreiarane, seier dagleg leiar Trond Kvalsund i West Maritime. Det blir enklare for kunden, då han får ein part å forholde seg til.
Han seier at det har vore eit ønske frå mange fiskarar å få eit slikt tilbod i regionen.
- Ja, vi ligg mellom anna ideelt plassert i forhold til ein stor sjarkflåte.
Frå Sognefjorden til Frøya
Inspektør Stig Marvin Moltu seier at oppdragsmengda er aukande, og det er viktig at West Maritime kjem inn på eigarsida.
- Vi kjem til å dekke området frå Sognefjorden til Frøya, men arbeidet kjem til å verte styrt frå Fosnavåg.
Han opplyser at selskapet er godkjent som kontrollorgan for lasteskip og fiskefartøy mellom 8 og 15 meter.
- I tillegg får vi stadig meir å gjere innan akvakultur, der vi er akkreditert inspeksjonsorgan.
Inntil vidare er Bjarte G. Fosse dagleg leiar i både Synfaring og i nystarta Synfaring Møre.
- Vi er to separate selskap, men tanken er at Synfaring Møre skal tilby alle tenestene som i dag ligg under Synfaring.
Gjennom å starte eit nytt felles selskap vil vi levere eit meir komplett tilbod til fiskebåtreiarane
- Stor satsing
Synfaring Møre vil utføre kontrollar på alt frå idrettshallar og leikeplassar for det offentlege, til sertifisering av offshorekraner og inspeksjon og sertifisering av oppdrettsanlegg.
Men mest arbeid er knytt til fiskefartøy.
- Det gjeld både mindre fiskefartøy og arbeidsbåtar.
Synfaring har hatt avdelingskontor i Fosnavåg sidan 2016. No meinte Fosse at det var på tide å ta eit steg vidare.
- Dette er ei stor satsing, og vi gjer det gjennom å etablere eit nytt, sjølvstendig selskap. Målet er å vekse med utgangspunkt i Fosnavåg-kontoret.
Stig Marvin Moltu opplyser at det vert tilsett ein ny inspektør i Synfaring Møre frå nyttår.
Publisert: 20.12.2021 14:43
Sist oppdatert: 20.12.2021 15:06