Wideroee fjernar Hovden tilbod
Nytt

Widerøe fjernar Hovden-tilbod

Færre Oslo-fly til hausten. 

19.08.2020
(NPK-NTB): Widerøe reduserer tilbodet på ei rekkje av kortbanerutene til selskapet frå 1. oktober. Årsaka er svikt i etterspurnaden som følgje av koronapandemien.
Destinasjonane som blir ramma er Skagen, Vadsø, Kirkenes, Florø og Hovden, skriv selskapet i ei .
Mellom anna kuttar dei frå fire til tre daglege avgangar mellom Florø og Bergen, og frå to til ein dagleg avgang mellom Florø og Oslo. Det blir dessutan berre ein dagleg avgang mellom Hovden og Oslo, mot to i dag. Det vil fortsatt være et tilbud via Sogndal.f
– Widerøe er ikkje fornøgd med det rutetilbodet som dei ramma destinasjonane får som følgje av dei justeringane som vi no er nøydde til å gjere. Dessverre har vi ingen val og er nøydde til å tilpasse oss dei rammevilkåra og etterspurnad som til kvar tid gjeld, seier kommersiell direktør Christian Skaug i Widerøe.
Flyselskapet opplyser at det i fleire år har slite med lønnsemda på dei kommersielle kortbanerutene og at situasjonen har vorte verre på grunn av koronapandemien.
Skaug seier selskapet ikkje klarer å halde oppe desse rutene utan statleg hjelp, etter at Samferdselsdepartementet kjøp av eit minimumstilbod på kortbanerutene går ut frå oktober. Også letten i skattar og avgifter for luftfartsnæringa går ut 31. oktober.
Arbeidsrutene selskapet flyg på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, blir ikkje ramma av ruteendringane.
(©NPK)
Dessverre har vi ingen val og er nøydde til å tilpasse oss dei rammevilkåra og etterspurnad som til kvar tid gjeld

Publisert: 19.08.2020 11:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01