NPK-NTB: Widerøe kansellerer planlagde flygingar over heile landet på grunn av pilotmangel. Selskapet har færre pilotar enn det som går fram av prognosen deira, skriv .
Kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll i Widerøe seier til NTB at selskapet truleg må kansellere rundt 100 avgangar i juli.
– Ei total oversikt er vanskeleg å gi, det varierer frå dag til dag, seier Brandvoll.
– Vi jobbar kontinuerleg med dette, og etter kvart som kanselleringane blir klare, så blir passasjerane kontakta. Dei kan vere trygge på at dei får beskjed viss deira flygingar blir ramma.
Brandvoll seier òg at selskapet først og fremst kansellerer avgangar som har få passasjerar.
– Dessverre har vi hatt større avgang og permisjonar enn normalt i vår. Vi må derfor kutte produksjonen, seier Brandvoll til avisa.
Til hausten endrar selskapet ruteprogrammet sitt og kuttar i dei kommersielle rutene. Brandvoll ser ikkje vekk frå at selskapet har gapt over for mykje med fleire ruteutvidingar.
– Vi har planlagt for større produksjon enn vi har kapasitet til, seier ho.
– Vi har stilt eit strengt krav til regularitet i kontrakten med selskapet, og vi har grunn til å tru at trusselen om trekk i tilskot er eit avgjerande omsyn når selskapet gjer prioriteringar, seier pressevakt Tor Midtbø til avisa.
Brandvoll seier til Helgelands blad at flyselskapet «forventer å vere innenfor dei regularitetskravene som Samferdselsdepartementet har satt for året som helhet».
Kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll i Widerøe seier til NTB at selskapet truleg må kansellere rundt 100 avgangar i juli.
– Ei total oversikt er vanskeleg å gi, det varierer frå dag til dag, seier Brandvoll.
Kundar får alternativ
Brandvoll forsikrar om at selskapet kjem til å ta kontakt med kundane det gjeld, minst to veker før dei skal fly, med eit tilbod om ei alternativ rute eller avgang. Planane er framleis ikkje heilt lagt, så fleire Widerøe-kundar kan få telefon frå selskapet framover.– Vi jobbar kontinuerleg med dette, og etter kvart som kanselleringane blir klare, så blir passasjerane kontakta. Dei kan vere trygge på at dei får beskjed viss deira flygingar blir ramma.
Brandvoll seier òg at selskapet først og fremst kansellerer avgangar som har få passasjerar.
Manglar pilotar
Grunnen til at Widerøe må kansellere, er at dei manglar pilotar. Fleire enn venta har slutta eller gått over i deltidsstillingar.– Dessverre har vi hatt større avgang og permisjonar enn normalt i vår. Vi må derfor kutte produksjonen, seier Brandvoll til avisa.
Til hausten endrar selskapet ruteprogrammet sitt og kuttar i dei kommersielle rutene. Brandvoll ser ikkje vekk frå at selskapet har gapt over for mykje med fleire ruteutvidingar.
– Vi har planlagt for større produksjon enn vi har kapasitet til, seier ho.
Truar med trekk
Samferdselsdepartementet, som har kontrakt med Widerøe om enkelte ruter, følgjer situasjonen nøye.– Vi har stilt eit strengt krav til regularitet i kontrakten med selskapet, og vi har grunn til å tru at trusselen om trekk i tilskot er eit avgjerande omsyn når selskapet gjer prioriteringar, seier pressevakt Tor Midtbø til avisa.
Brandvoll seier til Helgelands blad at flyselskapet «forventer å vere innenfor dei regularitetskravene som Samferdselsdepartementet har satt for året som helhet».
Vi har stilt eit strengt krav til regularitet i kontrakten med selskapet
Publisert: 05.07.2017 19:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11






