Det er eigarane bak Willys Gourmet i Ulsteinvik som blir nye hovudmedeigarar i og drivarar av Tik Cafe & Restaurant i Ørsta.
Selskapet Jr Ulsteinvik, som eig og driv Willys Gourmet i Ulsteinvik, vart etablert i 2024, med kjøpmennene Johnny Mork og Roy Are Stornes som 50/50-eigarar gjennom eigne selskap og Willy Solvang som kokk og frontfigur.
20 millionar i 2025
Solvang starta restauranten i Ulsteinvik som enkeltmannsforetak i 2022, før Mork og Stornes kom inn i 2024. Solvang skal attende på eigarsida seinare.
I 2025 hadde Ulsteinvik-selskapet omlag 20 millionar kroner i driftsinntekt, og har ei tid vore på utkikk etter lokale for ein ny restaurant i Ørsta eller Volda.
Satsa vidare etter konkurs
Tik Cafe & Restaurant blei stifta i 2022 med Vartdal Plast-brørne Sindre og Jan Endre Vartdal som eigarar.
Selskapet blei stifta etter at forgjengaren i same lokala, Fugl Føniks - Mat, Drikke & Bar, gjekk til skifteretten i mai 2022.
- Vi meiner og trur at det å skape eit levande Ørsta, å skape ein samlingsplass for folk, det er det som skal til for å utvikle kommunen. For vår sin del er det eit bidrag vi kan tillate oss i ein periode, for å skape den samlingsplassen, sa Jan Endre Vartdal om eigarskapen i Tik Café & Restaurant i samband med at brørne hadde gitt eit lån på ein halv million kroner til selskapet for å sikre vidare drift
Nesten balanse
Samla underskot dei tre første åra var tilsaman 3,7 millionar kroner, men 2025 enda med omlag åtte millionar kroner i inntekt og eit resultat før skatt mellom minus 100.000 og 150.000 kroner, seier Vartdal.
– No har vi drive dette i tre år med ei fantastisk utvikling, frå ein krevande situasjon, til ei pluss/minus-resultat, seier Jan Endre Vartdal.
No er han nøgd med å få inn ny hovudeigar og drivar.
– Dette er vi trygge på vil styrke konseptet som er etablert, seier Vartdal.
Fire aksjonærar
Jr Ulsteinvik-eigarane skal eige 50 prosent i Ørstaselskapet, brødrene Jan Endre og Sindre Vartdal 25 prosent og ein kokk i Willys Gourmet 25 prosent.
Ørsta-restauranten skiftar namn og skal drivast akkurat som restauranten i Ulsteinvik, med same meny og opningstider og med både take-away og cateringtilbod i tillegg til restauranten.
I tillegg vil Ørstaselskapet oppretthalde cafètilbodet og drive bar og utelivstilbodet på kveldstid undet Tik-namnet.
| Tik Cafe & Restaurant as | |||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 | 2022 |
| Driftsinntekt | 9,1 | 7,9 | 2,1 |
| Driftsresultat | -0,9 | -1,8 | -1,0 |
| Resultat før skatt | -0,9 | -1,8 | -1,0 |
| Jr Ulsteinvik as | |
| Tal i mill. kroner | 2024 |
| Driftsinntekt | 12,9 |
| Driftsresultat | 1,8 |
| Resultat før skatt | 1,8 |
Publisert: 22.01.2026 09:24
Sist oppdatert: 22.01.2026 10:36






