Nytt
X-Bow for 10 milliardar
Ulstein har seld X-Bow-design for rundt 10 milliardar kroner sidan starten.
15.01.2015
Med kontrakten på to vindkraft-serviceskip nådde Ulsteinkonsernet 100 selde X-Bow-design sidan starten i 2005.
Visekonsernsjef Tore Ulstein anslår den samla verdien dei selde X-Bow-designa og tilhøyrande utstyrspakkar til å vere rundt 10 milliardar kroner.
Den spesielle skrogforma gjer at skipet blir betre i møtande sjø, og kan redusere drivstoffbruken samanlikna med tradisjonelle design.
Dei to vindkraft-servicskipa Ulstein skal bygge for tyske Bernhard Schulte er dei første som blir bygd med den nye X-Stern løysinga.
Visekonsernsjef Tore Ulstein anslår den samla verdien dei selde X-Bow-designa og tilhøyrande utstyrspakkar til å vere rundt 10 milliardar kroner.
Større verdiar
Samla sett er driftsinntektene takka vere X-Bow langt større for Ulsteinkonsernet enn sjølve salet av design av utstyrspakkar. Ei rekkje av av X-Bow skipa er bygde på Ulsteinkonsernet sitt eige verft, og der får konsernet inntekter frå heile skipsbygginga.Den spesielle skrogforma gjer at skipet blir betre i møtande sjø, og kan redusere drivstoffbruken samanlikna med tradisjonelle design.
Ny akterende
I fjor tok Ulsteinkonsernet X-Bow designet eitt steg lenger og lanserte X-Stern, ein akterende som delvis byggjer på den same ideen som X-Bow.Dei to vindkraft-servicskipa Ulstein skal bygge for tyske Bernhard Schulte er dei første som blir bygd med den nye X-Stern løysinga.
Publisert: 15.01.2015 17:10
Sist oppdatert: 01.06.2021 11:04