Nytt
X-BOW i hundre!
Med den siste kontraheringa av to offshore vindskip, nådde Ulstein hundre selde X-BOW-design. Milepælen blir nådd ti år etter at designet med den nye baugforma blei lansert i 2005.
Administrator
14.01.2015
- Det kjem til å bli ei markering med dei som stod i bresjen for det revolusjonerande designet, seier verftsdirektør Kristian Sætre.
- Kom tilbake når vi har selt hundre.
Slik svara konsernsjef Gunvor Ulstein då ho etter å ha selt X-BOW-design nummer to og tre til Bourbon Offshore fekk spørsmål om X-BOW-designet no var ein suksess.
I ei pressemelding i høve milepælen slår Tore Ulstein fast at eigenskapane til dei første skipa med denne skrogforma prøvd at skipa i møtande sjø kunne halde høgare fart, eller halde farta med lågare drivstofforbruk.
Bonusen til mannskapa om bord var auka komfort søm følgje av mindre slag mot baugen.
29 av dei hundre X-BOW-designa er bygde ved eige verft.
- I Vanylven har vi produsert mindre delar, og tanken med nedlegginga er at vi ikkje skal utføre dette sjølv lenger, seier Sætre og slår fast at Christ-verftet vil halde fram med å vere ein leverandør på lik linje med alle andre.
- Crist har ikkje noko eksklusivitet, men finn vi oss ein god partnar så brukar vi den, understrekar Sætre.
Skip nummer 99 og 100 med X-BOW gir ekstra grunn til å markere sidan kjøparen er ein heilt ny kunde for Ulstein. At Ulstein vinn fram i andre marknader enn offshore, er også verd å markere i tider som no.
- Ulstein har levert design til slike båtar tidlegare også, men aldri så spesialiserte vindmøllebåtar som i dette tilfellet, seier Sætre.
X-BOW i kombinasjon med X-STERN gjer båtane uavhengig av kva retning bølgjene kjem frå. Sætre viser til at særleg for vindmøllebåtar, som skal ligge i ro og arbeide, vil dette vere ein viktig eigenskap.
Totalt er det selt 125 skip av ULSTEIN-design, som er namna på Ulstein sine design etter 1999.
- Kom tilbake når vi har selt hundre.
Slik svara konsernsjef Gunvor Ulstein då ho etter å ha selt X-BOW-design nummer to og tre til Bourbon Offshore fekk spørsmål om X-BOW-designet no var ein suksess.
Stor suksess
- Vi ser no at X-BOW har blitt ein stor suksess i Ulstein si nyare historie, seier visekonsernsjef Tore Ulstein, som også er leiar og pådrivar for området marknad og innovasjon i Ulstein.I ei pressemelding i høve milepælen slår Tore Ulstein fast at eigenskapane til dei første skipa med denne skrogforma prøvd at skipa i møtande sjø kunne halde høgare fart, eller halde farta med lågare drivstofforbruk.
Bonusen til mannskapa om bord var auka komfort søm følgje av mindre slag mot baugen.
29 av dei hundre X-BOW-designa er bygde ved eige verft.
Skrog frå Polen
Det blir også tilfellet med nummer 99 og 100, basert på skrogleveransar frå Polen, og etter nedlegginga av Ulstein si stålavdeling i Vanylven vil skroga i framtida vere enda lenger «komne» før dei forlet Crist-verftet i Gdynia som Ulstein har kjøpt mest med i det siste.- I Vanylven har vi produsert mindre delar, og tanken med nedlegginga er at vi ikkje skal utføre dette sjølv lenger, seier Sætre og slår fast at Christ-verftet vil halde fram med å vere ein leverandør på lik linje med alle andre.
- Crist har ikkje noko eksklusivitet, men finn vi oss ein god partnar så brukar vi den, understrekar Sætre.
Ny kunde
Ifylgje Sætre slår kostnadssparinga med innkjøp frå utlandet feil veg når kronekursen svekkar seg så kraftig som den har gjort i det siste. Men dette får ein igjen i fullt mon når sluttproduktet skal eksporterast.Skip nummer 99 og 100 med X-BOW gir ekstra grunn til å markere sidan kjøparen er ein heilt ny kunde for Ulstein. At Ulstein vinn fram i andre marknader enn offshore, er også verd å markere i tider som no.
- Ulstein har levert design til slike båtar tidlegare også, men aldri så spesialiserte vindmøllebåtar som i dette tilfellet, seier Sætre.
Første med ny hekk
Kontrakten på vindmøllebåtane til Bernhard Schulte/Windea markerer også hekkforma X-STERN sin entré i marknaden.X-BOW i kombinasjon med X-STERN gjer båtane uavhengig av kva retning bølgjene kjem frå. Sætre viser til at særleg for vindmøllebåtar, som skal ligge i ro og arbeide, vil dette vere ein viktig eigenskap.
Totalt er det selt 125 skip av ULSTEIN-design, som er namna på Ulstein sine design etter 1999.
Vi ser no at X-BOW har blitt ein stor suksess i Ulstein si nyare historie
Publisert: 14.01.2015 13:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40