- Rory er ein flott representant for tilflyttarar som kjem til Sunnmøre, og ønskjer å delta aktivt i foreininga vår. Eg trur knappast han har mista eit einaste arrangement sidan han vart medlem, og han er utrulig flink til å skape sosiale relasjonar rundt seg, som er ei av hovudmålsetninga med YoungShip Møre.
Dette seier styreleiar Lars Conradi Andersen i YoungShip Møre.
- Rory Williams flytta til Sunnmøre våren 2011 for det som i utgangspunktet var eit seks månader langt engasjement hos Rolls-Royce si design-avdeling i Ulsteinvik. I fylgje han sjølv brukte han ikkje lang tid på å konkludere med at her ville han bli lenger, fastslår Lars Conradi Andersen.
- Her finst det store karrieremuligheiter, og ein har kjensla av å vere midt i kjerna av den internasjonale maritime industrien.
- I tillegg er Sunnmøre ein flott plass å bu, med fantastisk natur og ein spanande livsstil, seier Williams.
- Eg forsøker å få med meg alle tilstellingane som foreininga har, fordi eg alltid møter spennande og interessante menneske som inspirerer meg i jobben min. Eg har delteke på nasjonale treff i Oslo og Bergen, i tillegg til dei lokale arrangementa på Møre. Gjennom dette får eg sjå selskap og ulike delar av den maritime sektoren som eg normalt sett ikkje ville hatt kunnskap om.
- YoungShip har vore svært viktig for meg, og har definitivt hatt mykje å seie for trivselen min. Eg vil absolutt anbefale både tilflyttarar og lokale til å bli medlem om dei har moglegheit.
- I takt med at fleire og fleire søker til regionen vår for jobbmoglegheitene som finst her, ser vi at ein stor del av medlemsveksten vår skjer innanfor denne gruppa. Vi er svært tilfredse med at vi kan være ein sosial arena for unge som kjem til den maritime næringa, og hjelpe dei å skaffe seg eit nettverk.
- Dette er også med på å gjere organisasjonen vår enda meir spennanda for lokale medlemmer. Her møtes folk frå Brandal, Rio, Grytastranda og Singapore, og byggjer relasjonar på kryss og tvers som eg er overtydd vil vere med på å sikre framtida til den maritime klynga på Møre. Eg vil rå bedriftene til tipse sine unge tilsette om oss og nettverket vårt.
Ein må vere mellom 20 og 35 år ved innmelding. YoungShip Møre skal vere kompetanse- og sosialt utviklande for medlemmane. Dette oppnår ein ved å arrangere temamøter, bedriftsbesøk, sosiale samlingar samt andre arrangement.
- Vi søker å skape fagleg interessante arrangementet, samtidig som vi ynskjer at dei skal være sosialt inspirerande og utviklande for medlemmane våre. Med eit snitt på rundt 65 deltakarar per arrangement ser vi ut til å lukkast bra med det, seier Conradi Andersen.
- Vi har fått med mange av dei største bedriftene rundt oss på laget. Takka vere Ulstein, Vard, Kleven, Rem Offshore, Havila, Farstad og NCE Maritime er vi stand til å gjennomføre det vi sett oss føre.
Dette seier styreleiar Lars Conradi Andersen i YoungShip Møre.
Ville vere lenger
Prisen vart utdelt på YoungShip Møre si juleavslutning ved Ishavsmuseet på Brandal. Med 70 medlemar til stades vart 26-åringen frå England den tredje som fekk prisen.- Rory Williams flytta til Sunnmøre våren 2011 for det som i utgangspunktet var eit seks månader langt engasjement hos Rolls-Royce si design-avdeling i Ulsteinvik. I fylgje han sjølv brukte han ikkje lang tid på å konkludere med at her ville han bli lenger, fastslår Lars Conradi Andersen.
Midt i kjerna
Williams seier at han likar svært godt å jobbe i den maritime klynga på Sunnmøre.- Her finst det store karrieremuligheiter, og ein har kjensla av å vere midt i kjerna av den internasjonale maritime industrien.
- I tillegg er Sunnmøre ein flott plass å bu, med fantastisk natur og ein spanande livsstil, seier Williams.
Viktig trivselsfaktor
I ei pressemelding frå YoungShip Møre seier Williams at YoungShip Møre er viktig.- Eg forsøker å få med meg alle tilstellingane som foreininga har, fordi eg alltid møter spennande og interessante menneske som inspirerer meg i jobben min. Eg har delteke på nasjonale treff i Oslo og Bergen, i tillegg til dei lokale arrangementa på Møre. Gjennom dette får eg sjå selskap og ulike delar av den maritime sektoren som eg normalt sett ikkje ville hatt kunnskap om.
- YoungShip har vore svært viktig for meg, og har definitivt hatt mykje å seie for trivselen min. Eg vil absolutt anbefale både tilflyttarar og lokale til å bli medlem om dei har moglegheit.
Vekst av tilflyttarar
Conradi Andersen seier at foreininga har hatt stor medlemsvekst den seinare tida nettopp av tilflyttarar som Williams.- I takt med at fleire og fleire søker til regionen vår for jobbmoglegheitene som finst her, ser vi at ein stor del av medlemsveksten vår skjer innanfor denne gruppa. Vi er svært tilfredse med at vi kan være ein sosial arena for unge som kjem til den maritime næringa, og hjelpe dei å skaffe seg eit nettverk.
- Dette er også med på å gjere organisasjonen vår enda meir spennanda for lokale medlemmer. Her møtes folk frå Brandal, Rio, Grytastranda og Singapore, og byggjer relasjonar på kryss og tvers som eg er overtydd vil vere med på å sikre framtida til den maritime klynga på Møre. Eg vil rå bedriftene til tipse sine unge tilsette om oss og nettverket vårt.
Ung møteplass
YoungShip Møre vart stifta i 2007, og har som føremål å være ein møteplass for yngre personer med arbeid innan maritim relatert næring som skipsdesign, verft, utstyrsleverandører, finans, mekling, operasjon og reiarlag. Tilsette i relevante offentlige etatar og organisasjonar som for eksempel Kystverket og Det Norske Veritas er også blant medlemmane.Ein må vere mellom 20 og 35 år ved innmelding. YoungShip Møre skal vere kompetanse- og sosialt utviklande for medlemmane. Dette oppnår ein ved å arrangere temamøter, bedriftsbesøk, sosiale samlingar samt andre arrangement.
350 medlemar
I løpet av 2013 har foreininga runda 350 medlemmer, og har gjennom året mellom anna besøkt Kleven Verfts nye robotlinje, inspisert konstruksjonsfartøyet «Rem Installer», mottatt råd om godt leiarskap frå Roy Reite og Ståle Rasmussen frå høvesvis Vard og Kleven, hatt seglkurs saman med Ulstein Seglforeining og lært meir om det blomstrande næringslivet i Haram.- Vi søker å skape fagleg interessante arrangementet, samtidig som vi ynskjer at dei skal være sosialt inspirerande og utviklande for medlemmane våre. Med eit snitt på rundt 65 deltakarar per arrangement ser vi ut til å lukkast bra med det, seier Conradi Andersen.
Sponsorar
På spørsmål om korleis YoungShip finn midlar til all aktiviteten trekkjer han fram gode sponsorar.- Vi har fått med mange av dei største bedriftene rundt oss på laget. Takka vere Ulstein, Vard, Kleven, Rem Offshore, Havila, Farstad og NCE Maritime er vi stand til å gjennomføre det vi sett oss føre.
Ein har kjensla av å vere midt i kjerna av den internasjonale maritime industrien
Publisert: 04.12.2013 19:47
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30