Ferje fjord1 sulesund
FERJE: Yrkessjåførar krev forkøyrsrett, og er leie av ferjekø og lang ventetid. Illustrasjonsfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Yrkessjåførar vil ha forkøyrsrett på ferjene

Etter dagar med mange timars ventetid i ferjekø, har yrkessjåførar fått nok. No krev dei forkøyrsrett.

NPK
19.07.2021

Koronapandemien har ført til uvanleg mange norske turistar i Nord-Noreg dei siste åra. Det har òg ført til lang ventetid på somme ferjestrekningar, skriv NRK Nordland.

Mange yrkessjåførar synest det er urimeleg å måtte stå i dei same køane, fordi det blir umogleg for dei å planleggje køyringa si.

– For yrkessjåførane er den lange tida i ferjekø ikkje passande med tanke på reglane for køyre- og kviletidsbestemmingar, seier Frank Lauritz Jensen i Lastebileierforbundet.

Dei ønskjer difor eigne filer for prioritert plass på ferjene, så kan heller dei som er på ferie stå nokre timar ekstra, seier han.

Les også her.

Publisert: 19.07.2021 14:07

Sist oppdatert: 19.07.2021 14:14