A Akerblaa inn i Moereforsking
OMORGANISERER: Styreleiar Tormod Thomsen og administrerande direktør Agnes Gunders i Møreforsking samlar alle selskapa i konsernet i eitt.
Nytt

Åkerblå inn i Møreforsking

Møreforsking samlar alle selskap i eitt, og får inn nye medeigar.

12.02.2020
Fiskehelseselskapet Åkerblå blir ny aksjonær i Møreforsking, i følgje ei pressemeldiing.
Før endringa på eigarsida hadde Møreforsking fem eigarar, Møre og Romsdal fylkeskommune (36 prosent), Høgskulen i Molde, Høgskulen i Volda og NTNU (18 prosent kvar) og Stitftelsen Møreforsking. Selskapet hadde to datterselskap, Møreforsking Molde og Møreforsking Ålesund. No blir alle tre selskapet samla i eitt.
Gjennom samanslåinga vil administrative ressurser bli betre utnytta og det tverrfaglege samarbeidet mellom fagteamene i Molde og Ålesund vil bli tettare, heiter det i pressemeldinga. I tillegg til å ha tilsette i Ålesund og Molde fekk selskapet i fjor haust sin første tilsette med arbeidsstad i Kristiansund.
- Vi har som mål å fortsette veksten i hele regionen, og ønsker også å satse på forskning i et enda bredere spekter av næringslivet, seier direktør Agnes Gundersen i Møreforsking i pressemmeldinga.
I følgje Gundersen styrkar Møreforsking satsinga på akvakultur med Åkerblå på eigarsida.
Møreforsking-konsernet hadde 58 millionar kroner i driftsinntekter i 2018 og eit resultat før skatt på minu 0,03 millionar kroner.
Pressemeldinga opplyser ikke kor stor eigarandel Åkerblå får i Møreforsking, ei heller om nokon av dei andre aksjonærane sel seg ut.

Publisert: 12.02.2020 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52