A Arets fabrikkskip fraa Skipsteknisk
ÅRETS FABRIKKTRÅLAR: Barentsevo More er teikna av Skipsteknisk i Ålesund og kåra til Årets fabrikktrålar av Baird Martime.
Nytt

Årets fabrikkskip frå Skipsteknisk

Håvar inn sin andre førstepremie for fiskebåtdesign.

02.02.2021
Først fekk skipsdesignselskapet Skipsteknisk i Ålesund førstepris for linebåten Atlantic av det internasjonale maritime magasine Baird Maritime. Deretter blei fabrikkskipet Barentsevo More, som Skipteknisk teikna for Arkhangelsk Traal Flot, .
Skipet representerer eit gjennombroit for russisk fiske i arktiske farvatn, skriv Baird Maritime.

Når heile verda

- Det betyr ein heil del. Baird Publications har ein dagleg shippingbulletin. Dei dekkjer alt som blir bygd, sa Inge Bertil Straume, leiar for fiskebåtmarknaden i Skipsteknisk etter at Skipsteknisk tidlegare i år fekk prisen for årets linebåt for linebåten Atlantic.

Selskapet har kundar over heile verda, og difor er denne type publisitet god marknadsføring, sa Straume.

Store i Russland

For skipsdesignselskapet Skipsteknisk har den russiske marknaden vore avgjerande for at selskapet har vakse, og ikkje krympa dei siste åra
Blant oppdraga er designet på 11 trålarar på 108 meter, som skal fiske for Russia Fishery Group i russisk sone i det nordlege Stillehavet.
Dette er båtar til omlag ein milliard kroner kvar, det største byggeprogrammet eitt einskild fiskebåtreiarlag nokon gang har sett i gang etter årtusenskiftet, sa Inge Bertil Straume i Skipsteknisk i eit innlegg i Shippingklubben i Ålesund tidlegare i desember 2020.
Heile 29 skipsdesign har Skipsteknisk levert, eller har kontrakt på å levere til russiske reiarlag.

Publisert: 02.02.2021 13:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:14