A Atvarar mot at reisereglar kan velte store prosjekt
VIL MED PÅ RÅD: Jan Thormodsæter i Mafoss vil at bedriftene blir høyrt om krisetiltak. 
Nytt

Åtvarar mot at reisereglar kan velte store prosjekt

Mafoss er kritiske til at kommunar ikkje lyttar til bedriftene før dei gjer koronatiltak. Og nokre kommunar på søre Sunnmøre høyrer heller på bedriftene, enn fylkesmannen. 

Marius Rosbach
23.03.2020
Måndag avgjorde Ulstein kommune kva dei skulle gjere i høve karantenereglar. Men først hadde kommuneleiinga eit møte med bedrifter i næringslivet, som sa klart frå at dei ikkje ønska karantene for folk frå andre fylke.
Etter nokre timar var ordførar Knut Erik Engh klar med avgjerda: – Vi vil ikkje innføre lokale karantenereglar og meiner det ikkje er nødvendig, seier han til NETT NO.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har bedt om felles reglar frå alle kommunane i fylket. Ulstein-ordføraren fortel at dei er trygge på at dei lokale legevakttenestene er godt rusta til å takle situasjonen.
– Det viktigaste er at dei nasjonale retningslinjene blir følgt. Men vi ser at det er behov for meir samordning mellom kommunane. No har vi iallefall fått same ordning hos oss, i Volda, Ørsta og Vanylven, seier Engh.

Kjem truleg sentral avklaring

Jan Thormodsæter frå Maritim Foreining for søre Sunnmøre var mellom møtedeltakarane då Ulstein kommune bad bedrifta frå lokalmiljøet om innspel i samband med koronakrisa.
– Ulstein kommune skal ha honnør for at dei gjer dette. Vi opplever at fleire kommunar har teke slike avgjersler utan å snakke med hjørnesteinsbedriftene sine om kva konsekvensar det får for dei, seier Mafoss-leiaren oppgitt.
Karantenereglane gjer at fleire bedrifter har problem med å halde produksjonen i gong, eller få skifta ut arbeidslag i rotasjonsordninger. Det er venta at regjeringa eller sentrale styresmakter, tysdag kjem med ei presisering av kva for reglar som skal gjelde.

Samd med Norsk Industri

Dei fleste kommunar i Møre og Romsdal har følgt oppmodinga frå om 14-dagars karantene fylka Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland.
Thormodsæter i Mafoss er samd med Norsk Industri-topp Stein Lier-Hansen sitt utspel i VG i helga. Han viste til vedtaket frå fylkesmannen i Møre og Romsdal og meinte det var «håplaust» for industrien med arbeidstakarar som pendlar, og ikkje kjem seg på jobb.
– Vi må sikre at det er bedrifter att når dette er over også. Ansvaret om store prosjekt blir utsett, er for stort for leiingane i dei enkelte kommunane, meiner Thormodsæter.

Har strenge smitteverntiltak

Han understrekar at bedriftene tek smitteverntiltaka på alvor, og at mange har innført tiltak allereie frå årsskiftet.
– Bedriftene har alle tiltak som ligg langt over minimumskrava på alt dette med reingjering, og dei har delt inn produksjonen i celler som sikrar dei mot smitte internt, fortel han.
Det er mogleg å søke om dispensasjon frå reglane, men Thormodsæter fortel at medlemsbedrifter har opplevd at det går tregt å få svar.
– Ein kan til dømes ikkje vente tre dagar på svar, om nokon har teke helg. Svaret bør vere på plass innan få timar, seier han.

Ulike reglar

Mellom anna , , , har same reglar. Alle innbyggarar som har vore i fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland - må i karantene i 14 dagar.
I har det gjort unntak for gamle Sogn og Fjordane, men krev karantene for dei som har vore i Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og dei geografiske områda som svarar til tidlegare Hordaland fylke og tidlegare Sør-Trøndelag fylke.

Publisert: 23.03.2020 17:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54