O Ekonomistyring er god butikk
Nytt

Økonomistyring er god butikk

Cantor er størst i Norge på system for økonomistyring, og tener sjølve godt på det.

11.03.2019
Selskapet har hovedkontor i Ålesund, i tillegg til avdelingskontor i Rådhusgata i Oslo.
Eks-stryningen Helge Bøe leier arbeidet frå Oslo-kontoret der det er sju tilsette. I Ålesund er det fem.

Store kundar

I fjor omsette selskapet for 28,8 millioner kroner, og sat att med eit resultat før skatt på 8,1 millionar.
I fjor feira selskapet 25 års-jubileum.
Helge Bøe seier at ein heile tida forbetrar rapporteringsløysingane, der ei rekkje store selskap er kundar, men ein jaktar fleire.
- Vi har nyleg etablert eit samarbeid med markndasbyrået ElleMelle i Ålesund for å effektivisere vår digitale marknadsføring, seier Bøe,

NSB og Mørenot

Han opplyser at i 2018 leverte selskapet blant anna ei omfattande budsjettløysing til NSB med meir enn 80 brukarar og rapportering, samt konsolideringsløysing til NorDan som har tatt i bruk systemet Cantor Controller i sju land.
Cantor har ei rekkje kundar på Nordvestlandet.
- I 2018 har vi levert rapporteringsløysing til Koppernæs, Istad Kraft, Mørenot og Hotel Alexandra, seier Bøe.

Ny rapporteringsløysing

Han opplyser at tillegg til tradisjonell leveranse av programvareløysingar tilbyr selskapet ei skyløysing gjennom Tussa IKT.
- Vi skal no i vår lansere eiga løysing for business intelligence som har fått namnet Cantor BI og som er ei svært fleksibel rapporteringsløysing retta mot næringslivsleiarar, seier Bøe.
Helge Bøe og familien eig Cantor gjennom selskapet Hebco. Dei kan for fjoråret ta seg ut eit konsernbidrag på 6,2 millionar kroner.

Publisert: 11.03.2019 09:04

Sist oppdatert: 10.03.2021 10:50