O Enskjer aa auke eksportandelen
STORDAL: Stordal Møbel vil teste ut netthandel og nye forretningsmodellar på eksportmarknaden i samarbeid med andre møbelbedrifter. - Vi ønskjer å vere ein frontrunnar i bransjen, sa arbeidande styreformann, Ole Håvard Stavseng (til h.) og Jan Ove Øvrebust,  ansvarleg for innkjøp og sortiment og den norske marknaden, til NETT NO i februar. 
Nytt

Ønskjer å auke eksportandelen

Omsetninga gjekk litt tilbake i fjor for Stordal Møbel. 

Kristin Vidhammer
09.08.2018
Då Stordal Møbel auka omsetninga med 50 prosent i 2015 til 37 millionar, påpeikte arbeidande styreleiar Ole-Håvard Stavseng at dei ønskjer ein kontrollert vekst framover.
Les også:
I fjor fall omsetninga tilbake for andre år på rad og enda på 33 millionar kroner. Resultat før skatt vart ca. 300.000 kroner, som er ca. 100.000 meir enn året før.
Stordal Møbel produserer sofa og stolar i premiumsjiktet, med fokus på kvalitet. Selskapet har eigen produksjon i Stordal i tillegg til administrasjon, salg og produktutvikling. Dei har siste åra gjort løpande investeringar i både utstyr og produktutvikling.

Vil løfte eksporten

Stavseng sa til NETT NO i februar i år at målet er å auke eksportandelen, som no ligg på ca. 10-20 prosent. P.t. er det Frankrike som er største eksportmarknaden, i tillegg til at dei sel litt til Tyskland, India og Canada. I Norge leverer Stordal Møbel gjennom Fagmøblar og Møbelringen, i tillegg til nokre frie butikkar.
Les også:
Stordal Møbel er også sertifisert til å levere til kontraktmarknaden.
Det er ca. 30 tilsette i Stordal Møbel, inkludert utebaserte seljarar. Det er familien Stavseng som er hovudaksjonærar i selskapet med 67 prosent, i tillegg eig Bjarte Falch Pedersen 33 prosent.

Publisert: 09.08.2018 11:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25