O Ersta faar kniven paa strupen
TAPER TUSSAPENGAR: Tapte konsesjonskraftinntekter og eigedomsskatt frå Tussa sitt kraftanlegg på Bjørke er konsekvensen for Ørsta om bygdene Bjørke og Viddal blir flytta til Volda. Fylkesmannen gir Ørstaordførar Stein Aam ein utveg - samanslåing med Volda. I begge kommunane var det fleirtal mot samanslåing under folkerøystingane i 2016.
Nytt

Ørsta får kniven på strupen

Slå Ørsta saman med Volda, eller gå glipp av millionar i kraftinntekter. Stranda får overta Nordal og Eidsdal.

24.04.2020
Det er valet fylkesmann Lodve Solholm gir Ørsta-ordførar og åleinegang-tilhengar Stein Aam i striden om kvar bygdelaga Bjørke og Viddal skal høyre til.
Om kommunane ikkje vil slå seg saman er Fylkesmannen si tilråding at Bjørke og Viddal blir flytta frå Ørsta til Volda.

Kvivsvegen endra biletet

Viddal og Bjørke ligg inst i Hjørundfjorden, og er historiske knytt til Sæbø og resten av Hjørundfjorden i Ørsta sjøvegen. Med bil må innbyggjarane køyre gjennom Volda for å kome til kommunesenteret i Ørsta.
Kvivsvegen mellom Ørsta/Volda og Hornindal gjorde at Grodås i Hornindal blei eit alternativ både for handel, skule og barnehage - og ein del av innbyggjarane i dei to bygdelaga har difor bede om at bygdelaga blir flytta over til Volda - som skal slå seg saman med Hornindal.

Kraftinntekter

Det bur berre 115 innbyggjarar i Bjørke og Viddal. Hovudnæringane er jordbruk og litt reiseliv. Det som gjer bygdelaga økonomisk interessante er konsesjonsinntektene frå Tussa sitt kraftverk på Bjørke. Dei utgjer 4,4 millionar årleg for Ørsta kommune, pluss eigedomskatt på anlegget.
Fylkesmannen meiner det er eit inntektstap som Ørsta ikkje vil ha vesentlege vanskar med å tilpasse seg til.
56 prosent av dei spurte i dei to bygdelaga svarte at dei vil bli i Ørsta, 41 prosent vil bytte. Det er så litenskilnad at fylkesmannen meiner omsynet til å kunne påverke politikken i den kommunen innbyggjarane faktisk får tenester frå må vege tyngst.

Deler Nordal kommune

Nordal kommune - som skal slå seg saman med Stordal kommune til Fjord kommune - misser bygdene Eidsdal og Nordal til Stranda, om Fylkesmannen si tilråding blir tatt til følgje.
Her sa 57 prosent ja til overflytting medan 27 prosent i innbyggjarundersøkinga gjekk i mot.

Publisert: 24.04.2020 11:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20