O Estensen og Breivik vil utvide
VIL UTVIDE. John Breivik og Geir Østensen var primus motor for den første fiskerimessa Blue Fish i Ålesund i 2017. Neste veke opnar den andre Blue Fish-messa og Breivik og Østensen ser etter nye arrangement som kan alternere med Blue Fish.
Nytt

Østensen og Breivik vil utvide

Årets Blue Fish-messe er full. Snart ser grunnleggarane av messa etter nye arrangement.

29.08.2019
Etter at fiskerimessa Blue Fish i Ålesund blei arrangert for første gang i 2017 bestemte grunnnleggarane John Breivik og Geir Østensen seg for at dei måtte ha meir plass.

I staden for å leige berre deler av Sparebanken Møre Arena har dei til årets messe sikra seg heile hallen, og også rydda plass i hallen til det som er av konferansar.
Cirka 100 utstillarar er på plass når messa opnar tysdag 3. september og dagleg leiar Geir Østensen i arrangørselskapet Arena Norway seier han ventar mellom 5000 og 6000 besøkande. I 2017 hadde Blue Fish 60 utstillarar.

Vil utvide

Blue Fish skal arrangerast annankvart år. Det er same rytme som fiskerimessa Nor Fishing i Trondheim har og Blue Fish skal arrangerast dei åra Nor Fishing ikkje blir arrangert.
Med dagens aktivitet kjem arrangørselskapet Arena Norway til å ha full aktivitet annankvart år og liten aktivitet i åra mellom messene (sjå tabell).
Det ønsker selskapet å gjere noko med, i følgje Østensen.
Målet er å få eit arrangement som kan alternere med Blue Fish, slik at det blir aktivitet kvart år. Innhaldet i eit eventuelt nytt arrangement vil han førebels ikkje seie noko om, utan at Arena Norway har hatt kontakt med moglege interessentar til eit nytt arrangement.
Eit nytt arrangement kjem ikkje på plass i 2020, men kan vere klart til 2022.

Fiskeriseminar

Nordea la eit fiskeriseminar til Blue Fish for to år sidan og gjer det også i år.
Temaet for seminaret er bærekraft og teknologi.
John Breivik og Geir Østensen eig arrangørselskapet Arena Norway saman med Alf Terje Farstad og Rolf Ivar Siem Østensen.

Publisert: 29.08.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38