O Eye hotell med stor paagang fraa norske gjestar
SER LYSARE UT: Hotellsjef Mariann Øye (innfelt) ved Hotel Union Øye påpeiker at dei framleis reknar med at det kan bli ein tøff sesong, men ser no lysare på situasjonen.
Nytt

Øye-hotell med stor pågang frå norske gjestar

- Det ser verkeleg ut til at dei norske gjestane har tenkt til å hjelpe oss denne sommaren, seier hotellsjef Mariann Øye. 

Marius Rosbach
30.04.2020
Tradisjonsrike Hotel Union Øye i Norangsdalen opplever no eit rush med bestillingar frå norske gjestar som vil kome på besøk. Hotellsjef Mariann Øye legg ikkje skjul på at ho vart uroa då koronakrisa slo til for fullt for nokre veker sidan.
- Det var stillstand frå midten av mars til over påske, men no har bookingen teke seg opp heilt vanvittig, fortel ho til NETT NO.

Har framleis reservasjonar frå utlandet

Hotellsjefen fortel at dei framleis har ein del utanlandske gjestar som har halde på reservasjonane sine for sommaren, i håp om at det blir mogleg å reise. Det gjer det vanskeleg å samanlikne nivået på reservasjonar med åra før.
- Det er mange norske som ringer fordi dei ser at vi er fullbooka til dømes ei helg i juli. Da lurer dei på om vi har bestillingar frå utlandet, som kan bli kansellert, slik at det kan bli ei opning likevel. Så det ser verkeleg ut til at dei norske gjestane har tenkt til å hjelpe oss denne sommaren, fortel ho.

Kvardagsbesøket blir krevjande

Øye fortel at det blir mest krevjande å få lønnsam drift i mai og starten av juni - før feriesesongen tek til for alvor.
– Den tida vi er inne i no, spesielt besøket på kvardagane i vekene, blir utfordringa, seier ho.
Store delar av sommaren er til vanleg fullbooka ved det Øye-hotellet. Dei har sikta seg inn mot enkeltreisande som gjerne betalar godt for seg. Denne delen av marknaden kan vere mellom dei som kjem best ut av bortfallet av utanlandske reisande.

Les også:


Koronakrise stoppar ikkje utviding:


Måtte stoppe bookinga for helga

Hotellet opna for sesongen sist helg, og Øye fortel at dei fekk godt med besøk. Men dei er forsiktige med å ta inn for mykje gjestar for å halde seg til smittevernsreglane.
– No har vi stoppa bookinga for den komande helga, så det er tydeleg at lokalt reisande er sveltefôra på opplevingar. Då er jo ikkje utsikt til Sunnmørsalpane og ei natt i himmelseng det verste ein kan by på, lokkar ho rutinert.
Hotellet har 27 rom og kan til vanleg huse maksimalt 50 gjestar. Øye fortel at dei ikkje har sett eit konkret tal på kor mange dei tek inn no, og gjer ei vurdering etter kva gjestar dei har.
– Det å ha ei fornuftig bordplassering i spisesalen er eigentleg det som avgrensar oss no. Å servere frukost ved bordet tek naturleg nok meir tid, men for gjestane er det meir eksklusivt og ei betre oppleving enn buffé, seier ho.

Ikkje aktuelt å dumpe prisane

Fleire hotell har gått ut med billigare prisar i det som etter alle høve ser ut til å bli ein sesong med beinhard konkurranse i bransjen. Å dumpe prisane er ikkje tema på Øye.
– Det meiner eg er å skyte seg sjølv i foten. Vi ser også at det folk bestiller, er deluxe rom, juniorsuitar og sjampanjepakkar. Det er veldig få som vil ha det billigaste, fortel ho.
Ho vil heller ikkje meine så mykje om i kva grad styresmaktene bør avklare meir konkret korleis folk kan reise i sommar – slik Virke har etterlyst:
– Det er ikkje opp til meg å avgjere, men kanskje folk treng å lufte seg litt, legg ho til.

Reiselivssjef: – Alle vil ut og reise

Reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre er mellom dei som vil ha ei avklaring kring kva som er greitt av fritidsreiser.
Det var eitt av hans viktigaste punkt under eit videomøte torsdag med næringsminister Iselin Nybø, og han trur det raskt kan auke etterspurnaden og få folk tilbake i arbeid.
– Vi kjem uansett ikkje til å få den sommaren vi hadde håpt på, men alle vil ut og reise. Vi merkar med ein gong god respons på aktivitetar vi køyrer, og folk lurer på når dei kan kome,

Les også:


Øye-hotell med god lønnsemd

Hotel Union Øye er mellom hotella på Nordvestlandet som har hatt . Då NETT NO omtala resultata til , var det Øye som hadde det beste resultatet for 2018.
Rekneskapen for 2019 er ikkje levert enno, men Øye fortel at også fjoråret blei bra – sjølv om det ikkje var heilt på høgde med året før.
Ho fortel at dei i staden prioriterte å ha meir personale på jobb for å yte betre service, og spøkar med at dei kanskje kunne vore «meir sunnmøringar» og lagt prisane høgare.

Les også:



Reiselivssjef:


No har vi stoppa bookinga for den komande helga, så det er tydeleg at lokalt reisande er sveltefôra på opplevingar. Då er jo ikkje utsikt til Sunnmørsalpane og ei natt i himmelseng det verste ein kan by på

Publisert: 30.04.2020 13:33

Sist oppdatert: 05.07.2021 12:29