Havfisk illustrasjon foto Havfisk
TØFFARE ÅR I VENTE: Etter fleire gode år må fiskarane bu seg på at det blir tøffare neste år. Foto: Ogne Øyehaug
Synspunkt

2024 - året det blei så bratt.....

Ei serie med uheldige omstende vil råke fiskeria neste år, skriv rådgivar Kay Ove Hafsås i Fiskebåt.

20.12.2023

2024 blir året det var så bratt. Det er ein serie med uheldige omstende som råkar samtidig diverre.

Ressursgrunnlaget er jamt over fallande, pristoppen har stabilisert seg grunna lågare kjøpekraft globalt, særnorske klimaavgiftene stiger, rentenivået har derimot toppa ut, men skisserast å falle meir internasjonalt neste år enn her heime, som implisitt betyr at norske kroner også vil styrke seg i 2024 samanlikna med i år.

Det blir difor mange beinet. Særleg for kvitfisk. Pelagisk fiskeri vil klare seg betre, med eit jamt over betre kvotegrunnlag, og ein blir ikkje råka av fallande global kjøpekraft i like stor grad sidan det er rimelegare mat.

Usikkerheit i næringa
Marginale fiskeri vil bli enda meir marginale, driftsdøgn vil falle, og marginane vil falle betydeleg for fleirtalet av fiskeflåten i 2024.

Då er det bra å ha hatt nokre gode år i sekken. Det ser nemleg ikkje særleg lysare ut for 2025. På toppen av alt blir presset om ei grønare tilpassing i fiskeflåten stadig sterkare med auke i CO2 avgiftene. Ei omstilling som i all hovudsak må tuftast på lønnsemd i næringa, og gjennom investeringar i klimavenlege tiltak.

Norske myndigheiter har ikkje gjort omstillinga enklare. Fyrst og fremst på grunn av ei manglande kvotemelding, som får næringa til å sitte på gjerdet sidan ein ikkje kjenner til rammebetingelsane og kvotegrunnlaget for framtida.

For ei kapitalintensiv næring som fiskeri så gir det i stor grad stillstand på investeringssida, då ein gjerne må vite kva ein skal investere i, og for. I tillegg aukar ein særnorske klimaavgifter, i ein situasjon der det faktisk ikkje finnast nokon reelle og konkurransedyktige alternativ til diesel. Dette reduserer norsk konkurranseevne, set press på lønnsemda, og hindrar i stor grad den grøne omstillinga dei ynskjer å stimulere.

For fiskerinæringa går diverre avgiftspolitikken baklengs inn i framtida, og ein risikerer paradoksalt nok at klimavenleg mat fortrengast av klimaavgiftene. Får vi i tillegg ei kvotemelding på nyåret som gir endringar i ressursgrunnlag mellom flåtegrupper, så har ein det gåande framover. Det vil ikkje gi ro og stabilitet for næringa, og ergo heller ikkje noko grønare tilpassing.

Julenissen
Enkelte krev meir kvotegrunnlag til kystflåten og fiskeriavhengige kommunar. Den minste kystflåten må tilgodesjåast i forhold til dei største. Kort oppsummert. Ei tru tufta på ei oppfatning om at det er vegen å gå for hindre fråflytting, auke bearbeidinga, og gi fleire heilårs arbeidsplassar i fiskeindustrien. Det er som å tru på nissen.

Å flytte kvotar frå stor til liten, vil diverre ikkje hjelpe noko på korkje fråflytting, verdiskaping, bearbeiding eller heilårlege arbeidsplassar. Snarare tvert i mot. Det er nemleg ikkje volum det manglar på. Over 30 % av all fersk torsk sendast ubearbeidd ut av landet, det er over 75 000 tonn i 2023.

Torskeoppdrett er i tillegg raskt veksande, med 8000 tonn eksportert i år, der over 99 prosent av torsken er eksportert ubearbeidd.

Oppdrettsvolumet vil vekse betydeleg i åra framover, men ulempa er at denne truleg blir for dyr til lønnsemd i bearbeidingsindustrien. Situasjonen der kan fort bli som for oppdrettslaksen der omlag berre 30 prosent bearbeidast i Norge.

Likevel er det slik at frå sidelinja så ser det ut til at fiskeindustrien, og fiskeriavhengige kommunar, i praksis kan få tak i den fisken ein vil. Der er volum å ta av, og industri som har satsa på fryst råstoff har lukkast. I eit pågåande prøveprosjekt skulle inntil 50 % av all fryst torsk og sei lysast ut på auksjon.

Delar av landindustrien vil ha mest mogleg på auksjon, noko Fiskebåt også er for. Men dette prøveprosjektet har likevel ikkje bidratt til at meir fisk bearbeidast i Norge. Auksjonsandelen sidan prosjektet starta er opp omlag 10 prosent frå situasjonen i forkant, bearbeidingsgraden for våre viktigste artar er likevel fallande, med unntak for fersk sei, som steig i 2023.

Det er ikkje mangel på fisk som er hovudårsaka til lågare bearbeiding i Norge. Det er kostnadsnivået, og marknadsadgang grunna tollbarrierar. Meir bearbeiding i Norge krevje tollavtalar på nivå med våre konkurrentar til våre viktigste marknadar. Korkje meir eller mindre. Det er der støtet må leggast inn. Faktorar som definitivt vil vere prekære uansett kven som fiskar kvotane.

Å rokke ved ressursgrunnlaget mellom flåtegruppene vil difor ikkje løyse noko som helst, berre skape splid, stridigheite og usikkerheit kring ei framtid der ein er avhengige av føreseieleg driftsgrunnlag for samtlege flåtegrupper for å møte dei utfordringane som kjem.

2024 blir utfordrande i fiskeri
2024 er året det vart så bratt. Ressursgrunnlaget, kostnadane, kronekurs, fallande kjøpekraft spelar diverre ikkje på lag med næringa neste år. Fiskebåts forventning er at myndigheitene gjennom kvotemelding 2.0 og avgiftspolitikken ikkje gjere 2024 brattare.

Ein må slutte å tru på nissen.

Av rådgivar Kay Ove Hafsås i Fiskebåt

Publisert: 20.12.2023 15:22

Sist oppdatert: 21.12.2023 10:23

Mer om