Wenche Josok Fylkesleder Kvinneforum More og Romsdal Hogre
STØTTAR BYGDEPRIDE: Wenche Jøsok, fylkesleiar Kvinneforum Møre og Romsdal Høgre. Foto: Høgre
Synspunkt

Bygdepride er viktigare enn nokon gong

Pride på bygda er eit kraftfullt motstykke til mørke krefter skriv Wenche J. H. Jøsok, fylkesleiar Kvinneforum, Møre og Romsdal Høgre.

05.05.2025

Denne våren samlast folk i Volda og omegn igjen, for å feire mangfald, fridom og kjærleik under Bygdepride – ei markering som har vorte ein stolt og viktig del av lokalsamfunnet. Eg vil gjerne uttrykkje mi fulle støtte til arrangementet, og til alle som står fram, heiar på kvarandre og kjempar for retten til å vere seg sjølve – også på bygda.

Som leiar i Høgres Kvinneforum meiner eg at vi saman må jobbe for eit inkluderande og respektfullt samfunn. Der likestilling og fridom skal gjelde for alle – uavhengig av kven ein elskar, kva kjønnsuttrykk ein har, eller kvar ein bur. Det handlar om å feire mangfold, likeverd og retten til å vere seg sjølv. Bygdepride er ikkje berre ein fest; det er ein kamp for grunnleggjande menneskerettar.

Bygdepride er viktigare enn nokon gong. I ei verd der vi ser aukande intoleranse og meir polariserande retorikk – også i Europa og her heime – treng vi tydelege stemmer som står opp for openheit, mangfald og fridom. Pride på bygda er eit kraftfullt motstykke til dei mørke kreftene som ønskjer å skru klokka tilbake. Ingen skal måtte skjule kven dei er!

Bygdepride er eit bevis på at vi ikkje let oss kneble, og at kjærleiken har ein plass – også i bygde-Noreg.

Takk til arrangørane i Volda for mot, varme og tydeleg leiarskap. De inspirerer –

Publisert: 05.05.2025 18:40

Sist oppdatert: 05.05.2025 18:40