Direktørene for de regionale forskningsinstituttene foto Vestlandsforsking 1
DIREKTØRPROTEST MOT AVVIKLING: Frå venstre: Ellen-Marie Forsberg (direktør ved Norsus), Ragnhild Holmen Waldahl (stedfortredar for Iselin Marstrander, direktør ved Nordlandsforskning), Agnes Gundersen (direktør ved Møreforsking), Anne Karin Hamre (styreleiar i FOKUS-institutta og direktør for Vestlandsforsking) og Ailin Aastvedt (direktør ved Telemarksforsking). Foto: Idun A. Husabø
Synspunkt

Dei regionale forskingsfonda må styrkast, ikkje avviklast

Å avvikle regionale forskningsfond er særs uheldig, skriv blant andre direktøren i Møreforsking.

24.10.2023

I framlegget til statsbudsjett for 2024 føreslår regjeringa å avvikle dei regionale forskingsfonda. I ei tid der store utfordringar står i kø, treng vi verkemiddel som kan bidra til omstilling og innovasjon over heile landet. Å avvikle verkemiddel som nettopp bidreg til dette, er særs uheldig.

Dei elleve regionale forskingsfonda (RFF) har sidan 2010 delt ut midlar til små og mellomstore forskingsprosjekt i bedrifter og offentleg sektor. Fonda skal òg bidra til at fleire bedrifter og offentlege verksemder deltek i nasjonal og internasjonal forsking. Midlane kjem frå Kunnskapsdepartementet og blir forvalta av fylkeskommunane. Næringslivet er den største mottakaren av midlar, med 54 prosent av tildelingane sidan RFF vart etablert i 2010. Resten av tildelingane fordeler seg nokså jamt mellom offentleg sektor og forskingsinstitusjonar.

Samanlikna med andre forskingsverkemiddel, er ikkje RFF ei stor ordning målt i pengar. Men ordninga når lengre ut enn til dei største byane, til private og offentlege verksemder som klarer å få mykje ut av små løyvingar. Prosjekta handlar mellom anna om å utvikle miljøteknologi, om konkrete verktøy og tiltak for å førebyggje negative konsekvensar av klimaendringar, klimatilpasse bygningar og infrastruktur, om e-helse og velferdsteknologi og om korleis vi i større grad skal klare å inkludere dei som står utanfor utdanning og arbeidsliv. Med andre ord — prosjekta handlar om å bidra til å løyse samfunnsutfordringar, med natur- og klimakrise, utanforskap og ei aldrande befolkning.

Regionale forskningsfond har kuttet nesten en tredjedel av bevilgningen til regionale fond på tre år. RFF fungerer også som eit startpunkt for å mobilisere bedrifter og kommunar til å søkje om nasjonale og internasjonale prosjekt. Dermed får kunnskapsproduksjon og innovasjonar finansiert av regionale verkemiddel ofte store ringverknader nasjonalt og internasjonalt.

Regjeringa sin nye langtidsplan for forsking og utdanning slår fast at forskingsdriven innovasjon er ei viktig kjelde til omstilling, og heilt naudsynt for å sikre framtidig verdiskaping og løyse dei utfordringane samfunnet står overfor.

Forskings- og utviklingsverksemd er konsentrert til dei sentrale områda i landet, viser rapporten om regionale utviklingstrekk som Kommunal- og distriktsdepartementet la fram i september i år. I ein annan rapport frå same departement, «Små kommuners deltakelse i innovasjonsvirkemidler», har Telemarksforsking kartlagt i kva grad kommunar deltek i sju ulike ordningar for innovasjon. Biletet var tydeleg: Små distriktskommunar deltek sjeldan i slike ordningar samanlikna med større kommunar. Begge desse rapportane viser eit stort behov for ordningar som bidreg til å mobilisere bedrifter og kommunar i distrikta til meir bruk av forsking for å stimulere til omstilling og innovasjon.

Gjennom forskingssamarbeid med næringsliv og kommunar, bidreg vi til innovasjon, verdiskaping og berekraftige samfunn i regionane vi er ein del av. RFF har sidan etableringa i 2010 vore eit avgjerande viktig verkemiddel i desse samarbeida.

Regionale forskingsfond er døme på eit verkemiddel som er svært viktig i det regionale innovasjonssystemet, nettopp fordi det når lengre ut enn til dei største byane. Det finst ikkje alternative ordningar som på same måte som RFF treff dei breie behova til verksemder i distrikta. Det er difor svært uheldig for kommunar og næringsliv, og for samarbeidet deira med regionale forskingsmiljø, om RFF blir avvikla.

Brandtzæg-utvalet, som greidde ut tiltak for å styrke distriktsnæringslivet (NOU 2020:12), meinte at nasjonale ordningar ikkje er tilstrekkelege for å omstille og vidareutvikle næringslivet i distrikta. Utvalet tok difor til orde for å trappe opp den regionale innsatsen for å få distriktsnæringslivet til å bruke meir forskingsbasert kunnskap i eiga utvikling, gjennom samarbeid med forskingsmiljø. Utvalet trekte fram Regionale forskingsfond og Forregion (Forskningsbasert innovasjon i regionene) som viktige verkemiddel.

Dei regionale forskingsinstitutta er sentrale aktørar i dei regionale innovasjonssystema. Gjennom forskingssamarbeid med næringsliv og kommunar, bidreg vi til innovasjon, verdiskaping og berekraftige samfunn i regionane vi er ein del av. RFF har sidan etableringa i 2010 vore eit avgjerande viktig verkemiddel i desse samarbeida. Vi meiner difor på det sterkaste at dette er ei ordning regjeringa bør styrke — ikkje avvikle.

Av Agnes C. Gundersen, Møreforskning, Ellen-Marie Forsberg, Norsus, Iselin Marstrander, Nordlandsforskning, Anne Karin Hamre, Vestlandsforskning og Ailin Aastvedt, Telemarksforskning

Publisert: 24.10.2023 12:34

Sist oppdatert: 24.10.2023 15:09

Mer om