Ferje møreaksen montasje Illustrasjon Rambøll DNV 11
MØREAKSEN: Ny E39 er planlagd over Romsdalsfjorden og Møreaksen er einaste alternativet, skriv Gjermund Kvernmo Langset i Bauta Group. Illustrasjon Rambøll/DNV
Synspunkt

Det er ikkje noko alternativ til Møreaksen

Møreaksen er ikkje eit alternativ for ny E39 over Romsdalsfjorden, det er det einaste alternativet, skriv Gjermund Kvernmo Langset.

Møre og Romsdal har ei utvikling som byr på store utfordringar framover. Å tenkje at vi skal halde fram på same måte vi alltid har gjort, men at resultatet skal verte noko anna er sjølve definisjonen på galskap.

For å møte desse utfordringane må vi knyte fylket vårt betre saman, slik at vi legg til rette for verdiskaping og attraktivitet. Distriktsdemografiutvalet med Victor Norman er særs tydelege på at det må investerast meir i vegprosjekt som styrkar dei regionale arbeidsmarknadane. Og at gevinstane av regionforstørring vert undervurderte ved prioritering av vegprosjekt. Vegane må med andre ord gå der folk bur og mellom plassar folk skal.

26.09. skriv Magnar Storøy til meg i SMP. Eg set stor pris på å få tilsvar, men premissa Storøy legg til grunn er direkte feil. Han meiner vi må prioritere velferd nær folk. Då er det besynderleg at han tek til orde for Romsdalsaksen. Eit forkasta prosjekt, i eit område med tynn befolkning, med ein trasé som folk ikkje skal køyre. 80% av dei som kryssar fjorden skal til/frå Molde.

Paul Hofseth skriv 24.10. at det er ein fordel at krangelen om veg kan halde fram. Det er trist lesing. Dei einaste som har ein fordel av dette er konkurrerande næringsliv og regionar i inn- og utland. Den type haldningar han syner, er det største hinderet for framtida til Møre og Romsdal.

Det er naudsynt med meiningsutveksling for å lande gode avgjersler. Men diskusjonen om fjordkryssinga er ein konstruert diskusjon, som vert heldt i live av ugrunna påstandar og ei manglande evne av å ta inn fakta.

  • Møreaksen har brei politisk forankring og er prioritert i NTP. No manglar tilstrekkeleg ramme i statsbudsjettet.
  • Reguleringane for fjordkryssinga er vedteke og ein er klar til bygging.
  • Romsdalsaksen eksisterer berre i tankane til einskildpersonar. Den vart forkasta av Stortinget i 2014 og er ikkje eit alternativ.
  • Dei statlege midlane som skal nyttast på Møreaksen kan ikkje nyttast til andre prosjekt i Møre og Romsdal. Det påverkar ikkje vedlikehald av fylkesvegar.
  • Det er tryggare å køyre i moderne tunellar, enn på vanleg veg oppe i dagen.
  • Møreaksen vil gi 10 000 fleire personar enn i dag reisetid på under 45 min til Molde eller Ålesund. Dette vil gi betre tilgjenge på offentlege tenester, tilgjenge på kultur- og fritidstilbod.
  • Møreaksen vil gjere Molde og Ålesund til ein felles bu- og arbeidsmarknad.
  • Over 100 bedrifter, med 23 000 arbeidsplassar og 100 MRD i omsetning signerte i 2021 på eit krav om bygging. Næringslivet vil ha Møreaksen.
  • Menon har anslått en verdiskapingsgevinst på mellom 17 og 37 MRD. 42% av dette vil skje i andre fylker, noko som viser betydninga nasjonalt. Det er ei god prioritering for AS Noreg.
  • Møre og Romsdal står for 20% av verdiskapinga i sjømat, 11% av fastlandseksporten og 5% av innbyggjarane. Likevel får vi berre 1% av samferdselsmidlane.

Det var også motstand mot Krifast og Eiksundsambandet. Eg trur likevel ikkje dei som brukar vegane dagleg heller skulle stått i ferjekø. Og trass alt har dei gode sveler hjå bakaren også.

Av Gjermund Kvernmo Langset, leiar forretningsutvikling og berekraft, Bauta Group

Publisert: 09.11.2023 18:53

Sist oppdatert: 11.11.2023 08:13

Mer om