Ei bekymringsmelding på vegne av lokaldemokratiet i Sula kommune
Fire parti i Sula kommune har sendt eit ope brev med felles bekymringsmelding til Kommunal og distriktsminister Erling Sande, signert av Henrik Dalelid Vedde og seks kommunepolitikar-kollegaer.
Vi viser til motsegnsaka «Områderegulering for Sulafjellet – gondolbane» sendt departementet frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal 30.08.2024
Regjeringa fortenar skryt når dei hegnar om eit sterkt folkestyre og ønskjer å styrke lokaldemokratiet:
«Et sterkt folkestyre på både nasjonalt, regionalt og lokalt nivå er viktig for å gi legitimitet til de politiske beslutningene, og bidrar til at ulike interesser i samfunnet ivaretas og blir hørt. For regjeringa er det viktig å bidra til å bevare og ytterligare styrke demokratiet på alle nivå»
Kommuneproposisjon for 2025, Regjeringa sin politikk for kommunesektoren
Statsråden og Senterpartiet har fleire gongar framheva lokaldemokratiet som ei føresetnad for velfungerande samfunn. Å bygge samfunnet nedanfrå, desentralisere makt, busetting, arbeidsplasser, kapital og kompetanse er berebjelken i eit deltakande folkestyre.
I motsegnsaka ministeren no har fått til vurdering og til endeleg avgjersle frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, fryktar vi for at lokaldemokratiets legitimitet er i spel. Vi er bekymra for at sakspapira frå Statsforvaltaren ikkje gir det heile og fulle bilete av prosjektet slik det blir oppfatta av majoriteten av innbyggjarane i Sula kommune. Vi føler og sakspapira ikkje er tydeleg nok på dei positive ringverknadane og moglegheitene dette prosjektet vil gi for innbyggjarane og det eksisterande næringslivet i regionen.
Vi tilet oss å komme med ei oppmoding der vi ønskjer å understreke viktigheita av realisering av prosjektet Sula Gondol. Vi har eit ansvar og ei plikt til å ivareta røystene til 73 prosent av veljarane i Sula kommune.
Frå gardsbruk til industrisamfunn
Tilgang på vasskraft var avgjerande då Ole Andreas Devold flytta Devoldfabrikken frå Ålesund til Langevåg. Etter å ha sikra seg fallrettigheter la det grunnlaget for eit innovativt og ambisiøst industrieventyr i verdsklasse. Devold sitt glødande og innovative engasjement trekte til seg unge og ambisiøse arbeidarar frå heile landet. Devoldfabrikken blei det bankande hjartet i utviklinga av eit lokalsamfunn. Frå nokre få gardsbruk til eit moderne industrisamfunn, der innovasjon og nyskaping var førande drivarar for utviklinga. På det meste hadde over 800 personar sin arbeidsstad på Devoldfabrikken.
Ei hamn for næringsutvikling
Då Flakk gruppa kjøpte Devoldfabrikken i 1989 jobba det omtrent 50 personar der, bygga var i særs dårleg forfatning. Fabrikken vart på folkemunne omtala som ein spøkelsesfabrikken, der heimlause kattar heldt hus. Flakk-gruppa blei ein hjartestartar for Devoldfabrikken. Trass raude tal i rekneskapen etter meir enn 30 år med investeringar og restaureringsarbeid, har ikkje Flakk familien mista trua på Devoldfabrikken. Den kan igjen stå fram som grunnpilaren for attraktivitet og næringsvekst i Sula kommune.
Prosjekt Sula Gondol er den største og mest ambisiøse satsinga i Sula kommune sidan Ole Andreas Devold bygde ny fabrikk ved osen av Langevågelva. Prosjekt Sula Gondol blir ei milliardinvestering som skal sikre kundegrunnlag og utvikling. Prosjektet vil og ha stor betyding for satsinga med å gjenreise Devoldfabrikken. Skal ein fortsette arbeidet med vern gjennom bruk, må det nye leigetakarar og ny aktivitet til. Sula kommune skal igjen bli ei hamn for næring og distriktsutvikling med eit levande, aktivt og innovativt kommunesenter.
Fyrtårn ved inngangsporten til fjordriket på Sunnmøre
At det no blir utvikla nye konsept på Devoldfabrikken, er i tråd med at næringsgrunnlaget er endra. Det å drive produksjon er ikkje like lønnsamt som da Devold starta opp. Ei satsing på utvikling av Devoldfabrikken som destinasjon og kulturhistorisk vern, vil vere i tråd med Sula kommune sin visjon «Ei leiande kultur og friluftskommune». Turisme er en veksande industri i vår region. Helt sidan Keisar Wilhelm tok med sitt private badekar og ferierte på Union Øye frå år 1890, har regionen vore attraktiv for turistar frå inn og utland. Turisme er ei veksande næring med uforløyst potensiale i vår region. Vi hevdar bestemt at prosjekt Sula Gondol kan bli eit fyrtårn for reiselivssatsinga i regionen. Ei satsing som vil styrke og framheve regionen og vere innfallsporten til fjordlandskapet på Sunnmøre. Prosjektet vil vidareutvikle destinasjonen og kulturminnet Devoldfabrikken – som har utvikla sulasamfunnet og gitt regionale ringverknader i over 175 år.
Ei lokal satsing med regionale ringverknader
Med siffera 21 for og 8 mot gondol under avstemminga i kommunestyret 25 juni, vil det være oppsiktsvekkande om lokaldemokratiet blir tilsidesett og overprøvd i denne saka. Det er ikkje kvardagskost i ei kommune at ein lokal investor/utviklar, kjem med tilbod om å ta rekninga for et unikt utviklingsprosjekt i milliard-klassa.
Sula Gondol er eit prosjekt av lokal og regional interesse, som gir lokale og regionale ringverknader. Prosjektet vil styrke kommuneøkonomien samt gje alle innbyggarar moglegheit til å nytte fjellet som rekreasjon. Dette er ei massiv investering som minimalt belastar kommunens budsjett. Alt av kostnadar blir betalt av Flakk Gruppen. Innbyggarane og næringslivet i Sula kommune får moglegheiter servert på sølvfat når det blir lagt til rette for at 150 000 potensielle kundar, årleg kan passere gjennom Langevåg sentrum.
Ein syretest for lokaldemokrati og sjølvstyre
Ferske tall frå KS som viser at tre av fire kommunar i Møre og Romsdal bruker meir pengar enn budsjettert og har det tøffare økonomisk enn elles i landet. Økonomisk handlingsrom er ikkje hyllevare blant norske kommunar. Med det bakteppe blir det for fleirtalspartia vanskelig å skjøne logikken bak mindretalets (AP, SV,V) og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sin innsats for å stoppe ei familieeigd bedrift i å skape arbeidsplasser og økonomisk vekst i eit lokalsamfunn. Vi betraktar denne saka som ein syretest på verdien og legitimiteten av lokaldemokratiet i vår region.
Vi meiner det er rett å stille følgande spørsmål: Er det dette innbyggjarane og veljarane i Sula kommune ønskjer? Sette sluttstrek for Sula gondolen og ei uviss framtid for Devoldfabrikken?
Med 73 prosent av veljarane i ryggen, føler vi oss trygge på at svaret blir eit rungande NEI!
Vi har tru på at kommunal og distriktsministeren fattar ei klok og framtidsretta vedtak i denne saka og at lokaldemokratiet blir sett, høyrd og verdsett.
På vegne av partia som stemde ja til: Områderegulering for Sulafjellet – gondolbane
Men venleg helsing
Henrik Dalelid Vedde Styreleiar Sula Frp
Ronny Frantsen Styreleder Sula Høgre
Jan Magnar Sandvik Styre og gruppeleiar Sulalista
Jostein Molvær Styreleiar Sula KrF
Bendik Havnegjerde Gruppeleiar Sula Frp
Geir Ove Vegsund Gruppeleiar Sula Høgre
Elin Kilvik Skeide Gruppeleiar Sula Kr
Publisert: 18.10.2024 11:13
Sist oppdatert: 18.10.2024 11:14