Det gjer noko med deg når du ser flagget vaie i vinden. Regnbogeflagget. For nokon er det berre eit symbol, eit fargerikt stykke stoff. For andre er det eit livsviktig teikn på at «du høyrer til her». No vil KrF forby norske skular å flagge med regnbogeflagget. Det er ei farleg utvikling!
Regnbogeflagget er internasjonalt og symboliserer mangfald, likeverd og toleranse, og friheit til å elske den du vil. I Bibelen er regnbogen nytta som eit fredssymbol, og eit teikn på Guds løfte til kvar levande skapning om å ikkje øydelegge verda.
Flagget er brukt over heile verda og kjem i mange ulike variantar.
Men kvifor er det så viktig med regnbogeflagg då?
Spørsmålet handlar om meir enn berre eit flagg. Det handlar om kven vi er som samfunn – og kva verdiar vi står for.
Regnbogeflagget er eit synleg bevis på at vi anerkjenner og verdset alle menneske, uansett kven dei er eller kven dei elskar. For mange er flagget eit livsviktig signal om at dei ikkje treng å skjule seg, at dei er trygge, at dei høyrer til.
Når vi heiser regnbogeflagget, viser vi at vi ser dei som altfor ofte har følt seg usynlege, uønska eller utrygge.
Vi ser med uro på aukande motstand mot skeive, og i nokre europeiske land har styresmaktene innført LHBT-frie soner. Tidlegare i år gjorde Nasjonalforsamlinga i Ungarn vedtak om forbod mot Pride-parader.
I 2018 blei Bygdepride arrangert for første gong i Ørsta og Volda. Det som starta som ein idé om ein liten lokal Pride-festival, voks raskt til noko langt større – eit arrangement som trefte ei nerve både lokalt og nasjonalt, og som gav stemme til kjensler mange hadde bore på i stillheit.
Bygdepride er ein politisk uavhengig medlemsorganisasjon med arrangement som skal bidra til synlegheit og vise respekt for alle legningar og kjærleik uansett. Den same intensjonen har andre Pride-arrangement rundt om i fylket vårt.
Vi kan gjere ein forskjell her vi bur – ved å skape synlegheit, fremje respekt og slå fast at alle innbyggarar har rett til å vere seg sjølve.
Det handlar om å sende eit tydeleg signal: Her skal alle kjenne seg heime, uansett seksualitet eller kjønnsidentitet.
«Sjølvsagt skal vi flagge! Vi vil jo ikkje at folk skal flytte frå bygda fordi dei trur dei ikkje er velkomne!» Kommentaren kom frå ein pensjonist på Sæbø for nokre år sidan. Så enkelt. Så viktig.
Å heise regnbogeflagget er ei lita, men viktig handling. Det handlar ikkje om politikk, men om menneskeverd.
Kommunar, bedrifter og private – ver med på å heise regnbogeflagget når det er Pride-arrangement i din region!
Saman kan vi gjere fylket til ein mangfaldig og aksepterande region!
Kjærleik er kjærleik!
Av Annika Brandal, fylkesleiar og 2. kandidat Møre og Romsdal Venstre, styremedlem i Bygdepride
Publisert: 01.05.2025 14:13
Sist oppdatert: 01.05.2025 14:13