Brunstad ovstegard boe foto Ogne
TIL SØKSMÅL: Olaug Strand Brunstad (t.v.) som er hovudeigar i Brunstad er med på søksmålet til Lars Oscar Øvstegård (midten) mot staten. Det er også eigarane til Spilka-sjef Terje Bøe (t.h.). Foto: Ogne Øyehaug
Synspunkt

Felles uttale om søksmålet mot formuesskatt

Kven andre enn rettssystemet kan ha siste ordet i ein tvist om tolking av lovverket, spør SMB Norge og ei rekke næringslag i regionen.

09.02.2026

Store deler av næringslivet i på Nordvestlandet ønskjer med dette å peike på dei prinsipielle sidene ved søksmålet reist av Lars Oscar Øvstegård, Olaug Gunvor Brunstad, Bjørn Stafset og Laila Stafset, som no ligg til vurdering i Høgsterett.

Saksøkarane ønskjer å få prøvd spørsmålet om formuesskatten på arbeidande kapital er i samsvar med norsk rett og grunnleggande rettsstatlege prinsipp. Kven er det som skal ha siste ordet i slike saker om ikkje rettssystemet?

Vi ser no at staten gjer sitt beste for å hindre saksøkarane å få prøvd saka for tingretten. Ein må kunne stille spørsmål om rettstryggleiken er ivaretatt når staten aktivt arbeider for å hindre domstolsprøving. 

Høgsterett skal no ta stilling til om saksøkarane får presentert saka i si fulle breidde etter tvistelova, og får vurdert om formuesskatten er konfiskatorisk over tid. Eller om saka skal vurderast etter dei snevre rammene som skatteforvaltningslova har.

Saka reiser prinsipielt viktige spørsmål om rettstryggleik, prosess og føreseielege rammevilkår for norskeigde verksemder. Dette handlar ikkje om enkeltsaker eller skattetal, men om grunnleggande rettar, om retten til domstolsprøving, og om staten legg til rette for, eller motarbeider, slik prøving. 

Utfallet her vil difor vere avgjerande, ikkje berre for denne saka, men for retten til domstolsprøving i tilsvarande prinsipielle spørsmål.

Næringslivet er oppteke av at rettsstatlege prinsipp og at retten til effektiv domstolsprøving, blir ivaretekne. For norsk næringsliv er føreseielege og stabile rammevilkår ein grunnleggande føresetnad for langsiktig eigarskap, investeringar og verdiskaping. Tilgang til domstolane for å få prøvd rettslege spørsmål knytt til offentlege inngrep er ein sentral del av dette.

Uavhengig av utfall i den konkrete saka, meiner næringslivet det er viktig at prinsipielle spørsmål om rettstryggleik og rammevilkår kan bli gjenstand for reell rettsleg vurdering. Dette bidreg til tillit til regelverket og til dei institusjonane som forvaltar det.

På denne bakgrunnen ønskjer næringslivet å understreke betydninga av at slike spørsmål får ei fullverdig rettsleg behandling, og at tilgangen til domstolsprøving i saker av denne karakter blir sikra.

På vegner av Næringsforeningen i Ålesundregionen, NæSS (Næringsforeningane på Søre Sunnmøre), Sykkylven Industri- og Næringslag, Rauma Næringslag, Hustadvika Næringsforum, Vestnes Næringsforum, Mafoss (Maritim foreining for søre Sunnmøre), Sogn og Fjordane Næringsråd, Sula Næringsforening, Molde Næringsforum, KNN (Kristiansund og Nordmøre Næringsforening), og SMB Norge

Publisert: 09.02.2026 11:13

Sist oppdatert: 09.02.2026 11:34

Mer om