Sylvi Listhaug Bjørn Meek Odd Magne Vinjevoll foto Marius 11
Hundrevis av arbeidsplassar i leverandørindustrien er borte i Møre og Romsdal. Det siste var Bjørdal i Ørsta, skriv Geir A. Stenseth. Frp-leiar Sylvi Listhaug var på besøk Ørsta i dag. Foto: Marius Rosbach
Synspunkt

Femti års kamp for folk flest!

I år er det 50 år sidan Anders Langes parti for sterk nedsettelse av skattar og avgifter og offentlege inngrep vart stifta. Og aldri har vel den bodskapen vore viktigare, skriv fylkesordførarkandidat Geir A. Stenseth i Framstegspartiet.

02.06.2023

I dag opplever næringslivet og innbyggjarane dei største skatteaukane nokosinne. Staten er grådig. Dei to første åra med denne regjeringa nærmar det seg 100 000,- kroner meir til det offentlege per innbyggjar enn før, frå spebarn til oldingar.

Pengane renn inn i statskassa, medan mange bedrifter og eigarar slit med å betala utbytte, og utbytteskatt for å dekkja formuesskatten til eigaren.

2022 var det året regjeringa gjorde det veldig vanskeleg å bli og vera jobbskapar i Noreg. I staden for å ta tak i at 30 prosent av bedriftene ikkje overlever det fem første driftsåret sine, så gjorde regjeringa det verre.

I eit år kor heile det norske næringslivet slit med galopperande kostnader til straum, renter og råvareprisar, og dessutan nedgang i inntekter fordi kundemassen sparer der dei kan. Då høgnar regjeringa skattetrykket på norsk næringsliv til dei gradene. Auka arbeidsgivaravgift, auka utbytteskatt og auka formuesskatt. For ikkje å nemna «Lakseskatten» som kraftig rammar leverandørindustrien her i fylket, spesielt.

Hundrevis av arbeidsplassar i leverandørindustrien er borte i Møre og Romsdal. Det siste var Bjørdal i Ørsta. Først kom problema med krigen i aust, og så kom lakseskatten, er forklaringa. Pressa på bedrifta var der frå før, og så sette regjeringa inn nådestøyten, og 75 arbeidsplassar forsvann. Gratulerer LO Følsvik og Støre, kanskje tok de ein «Riking» i same slengen.

Hittil i år har konkursar i næringslivet auka med 60 prosent i Møre og Romsdal, noko som er det høgaste i landet.

Skattestatistikken frå Statistisk sentralbyrå viser at det er mogleg å setja ned skattane kraftig utan at det går ut over offentlege tenester.

Så kva skattar bør bort?

Formuesskatten er ein destruktiv symbolskatt. For å styrkja investeringsviljen må me gjera som alle nabolanda våre, å umiddelbart fjerna formuesskatten på å eiga bedrifter.

Formuesskatten har auka betydeleg dei siste år. Fleire eigarar har valt å flytta frå Noreg. Utflytting av bedriftseigarar var den viktigaste grunnen for at alle nabolanda våre har fjerna skatt på å eiga ei bedrift. Danmark og Tyskland fjerna ho i 1997. Finland i 2006, Sverige i 2007 og Frankrike i 2017. Det er berre Noreg som har personleg skatt på å eiga ei bedrift.

Som eit bidrag til å betala for dyrare straum, drivstoff, mat og renter, bør skattesatsane på lønnsinntekter ned for alle.

Publisert: 02.06.2023 15:33

Sist oppdatert: 02.06.2023 15:33