Ferje fjord1 sulesund
Illustrasjonsfoto: Kjetil Haanes
Synspunkt

Ferga er ein del av vegen vår!

I dag, også, tenker eg på ferge, ferge og atter ferge.

13.03.2023

Møre og Romsdal har så lenge eg har vore folkevalgt, gjennom fleire regjeringar, vore underfinansiert på fergedrift.

Fylket har, på eigen kjøl, finansiert opp til det tilbod vi har i dag, med ca 200 mill årleg.

I omstilling 2024, må vi spare 50 mill. på fergedrift.

Det kan vi gjere ved å redusere tilbodet, auke inntekta frå dei reisande eller få auka statleg overføring.

Vit at vi har stor forståing for at dette skaper opprør i folket. Skulle blott berre mangle.

Men vit også at vi gjere det som står i vår makt for å få overføringar som dekker underfinansieringa.

Dersom ekspertutvalget sitt framlegg til nytt inntektssystem skulle bli vedtatt, er dette dessverre berre ein start.

Difor jobbar vi langs to aksar, få dekt underfinansieringa og stoppa ekspertutvalgets framlegg til nytt inntektssystem, der Møre og Romsdal kjem svært dårleg ut.

Til det siste er det svært gledeleg at vi har LO sentralt på vår side og dei har i sitt høyringssvar, blandt anna bede om at nytt inntektssystem ikkje vert innført no og slik det ligg frå ekspertutvalget.

Møre og Romsdal fylkeskommune yter eit betre tilbod på fleire samband enn det Nasjonal fergestandar seier.

Men ikkje betre enn det vi meiner det bør vere, all den tid ferga er ein del av vegen våra.

Tenk deg at E6, E18 eller kva veg som helst skulle stenge i 1,5-2 timar fleire gongar i døgnet, kvar dag, heile året.

Eller at du kjem for seint til stoppunktet om kvelden og det ikkje vart opna før neste morgon, utan moglegheit for omkøyring.

Det hadde ingen funne seg i og det skal heller ikkje vi!

Difor kjempar vi fortsatt på og gir oss ikkje før vi har tverrpolitisk forståing for at FERGA ER EIN DEL AV VEGEN VÅR i Møre og Romsdal.

Hanne Notøy,
gruppeleiar for Arbeiderpartiets fylkestingsgruppe og ordførarkandidat for Ulstein Arbeidarparti

Publisert: 13.03.2023 08:01

Sist oppdatert: 13.03.2023 08:14