Ferjepolitisk Wonderboy kvar er du?
Frank Sve (Frp) meiner Sp og Ap «stenger» vegar i distrikta ved å kutte i ferjetilbodet.
24 millionar kroner i ferjekutt i Møre og Romsdal er fasiten etter Ap og Sp i regjering, og verre handlingslamma regjering skal ein jammen leite lenge etter.
Næringslivet og vanlege folk slit no med kutt i ferjetilbodet, som i realiteten er å stenge vegane i delar av døgnet.
Absolutt ingen har nokon gong opplevd at fylkes- eller riksvegar har blitt stengt delar av døgnet pga. budsjettkutt, men Sp og Ap «stenger» vegar i distrikta ved å kutte ferjetilbodet betydeleg.
I Møre og Romsdal blir ferjetilbodet kutta med 24 millionar kroner, som også medfører at ferjesamband som har blitt gratis får kutta rutetilbodet.
Kutt i ferjetilbodet for gratisferjer må vere toppen på lureri, kva skal folket eller næringslivet med gratis ferjer når ferja ikkje går?
Ferjepolitisk Wonderboy, Kjølmoen, som også er næringspolitisk talsmann i Ap, har brått forsvunne totalt. Absolutt ingen har sett han, og stille er det ikring ferjetilbodet her i fylket.
Ikkje rart eigentleg, for med den greinelause politikken som Vedum og Støre fører for tida i dette landet, så trur eg jammen at eg hadde gått og gøymt meg eg også.
Men, ferjekutt råkar spesielt næringslivet i heile fylket, også vanlege folk sjølvsagt.
Eg sender no spørsmål til Samferdselsministeren og lurer på kva han har tenkt å gjere for at ferjetilbodet ikkje blir kutta. Spesielt vil eg utfordre ministeren på ferjestrekningar som har blitt gratis og fylka har fått kompensasjon for dette, som så kuttar i rutetilbodet. Dette kan rett og slett ikkje vere lov.
Uansett ser det ut til at Sp og Ap i praksis berre smerter meir og meir. Jobben vår er å skadebegrense mest mogleg, ikkje lett når SV bidreg til det motsette.
Vi tel ned dag for dag til kommune og fylkestingsvalet, eit sterkt FrP og eit skifte i kommunane og i fylkeskommunen må til.
Fylket kan prioritere, men ikkje med Sp og Ap ved roret.
Av Frank Sve (Frp)
Publisert: 17.02.2023 14:05
Sist oppdatert: 17.02.2023 14:10