Kva sit eit lokalsamfunn att med når eit statleg omstillingsprogram er over? I Hareid er svaret ikkje berre fleire arbeidsplassar, men eit meir robust næringsliv og ein sterkare evne til å skape utvikling vidare.
Det viktigaste resultatet av «Vekst i Hareid» er ikkje berre nye jobbar, men at kommunen og næringslivet i lag har bygd noko meir varig: evna til å utvikle seg vidare.
Det er dette som ligg i omgrepet utviklingskapasitet, og det er denne kapasiteten Hareid har styrkt gjennom fleire år med målretta arbeid.
Frå krise til felles retning
Hareid fekk status som omstillingskommune i 2019 etter fleire år med ei utvikling som stadig vart meir krevjande. Bakgrunnen var krisa i den maritime marknaden i 2015–2017 som ramma Hareid hardt og førte til at sentrale hjørnesteinsverksemder flytta ut eller avvikla drifta. Arbeidsplassar forsvann og arbeidsløysa auka markant.
Omstillingsprogram er eit verkemiddel staten bruker når eit lokalsamfunn blir hardt ramma av nedgang i arbeidsplassar eller næringsliv. Programmet blir finansiert av staten gjennom fylkeskommunen, saman med kommunen og ofte næringslivet sjølv. Målet er å bidra til nye og sikra arbeidsplassar, og samtidig byggje eit meir robust og variert næringsliv. Programma går normalt over seks år og skal vere ei ekstra satsing i tillegg til det ordinære næringsarbeidet.
Samling om felles retning
Med dette som utgangspunkt vart det også tydeleg at det var behov for å styrkje sjølve evna til å drive utvikling, ikkje berre skape nye jobbar raskt. Difor vart det sett inn ein brei innsats for å samle aktørar, byggje struktur og skape ei felles retning for vidare utvikling.
Det vart skapt møteplassar, bygd nettverk, utvikla planverk og sett i gang prosjekt som ikkje berre skulle gi effekt her og no, men leggje grunnlag for langsiktig samfunns- og næringsutvikling. Dette illustrerer også noko viktig: omstilling handlar ikkje berre om å reparere etter ein nedtur, men om å gjere eit lokalsamfunn meir robust når nye endringar kjem. Nettopp gjennom dette arbeidet voks utviklingskapasiteten i Hareid fram, i tett samspel mellom kommune og næringsliv.
Tydelege resultat
Resultata av denne innsatsen er tydelege. Sluttevalueringa frå Oxford Research viser at omstillingsprogrammet har vore svært vellukka. Om lag 205 arbeidsplassar er skapte eller sikra, og målet om 200 er nådd. Verdiskapinga i næringslivet har auka frå 443 millionar kroner i 2015 til 1,12 milliardar i 2024. Arbeidsløysa har gått ned til 2,5 prosent i 2024, og næringsstrukturen er blitt meir variert og mindre sårbar.
Samtidig peikar evalueringa på noko som er vanskelegare å måle, men like viktig: sterkare optimisme, større framtidstru og eit meir positivt kollektivt sjølvbilde i Hareid.
Tre strategiske innsatsområde
Dette er ikkje tilfeldig. For å oppnå desse resultata vart alle tiltak retta inn mot tre strategiske innsatsområde: næringsattraktivitet, bustadattraktivitet og besøksattraktivitet. Det gav arbeidet ein tydeleg logikk og retning over tid.
Innan næringsattraktivitet vart det bygd eit meir næringsvennleg apparat i kommunen, med næringsteam, strategisk næringsplan, SMB-utvikling og faste møteplassar mellom bedrifter og kommune. Samtidig vart masterplanen innan bustadattraktivitet eit viktig verktøy for å samle politisk leiing, administrasjon, næringsliv og frivilligheit om ei felles retning. Innan besøksattraktivitet vart cruisenettverket eit konkret døme på korleis ein kan utvikle nye bein å stå på med utgangspunkt i lokale fortrinn.
Vart noko ein bygde saman
Like viktig som resultata er måten dei er skapte på. Evalueringa peikar tydeleg på samarbeid, nettverk og felles retning som avgjerande for resultata. Det handlar med andre ord ikkje berre om kva som er gjort, men om korleis arbeidet er organisert og gjennomført.
I Hareid har næringslivet ikkje berre vore med, men også medfinansiert programmet og gitt arbeidet både legitimitet og eigarskap. Dermed vart ikkje omstillingsarbeidet noko som kom utanfrå, men noko ein bygde saman.
Det er også bakgrunnen for at vidareføringa i Hareid er så viktig. Arbeidet stoppar ikkje når programmet blir avslutta. Det blir no ført vidare gjennom Hareid Vekst AS, formelt stifta 1. januar 2026, med stor interesse frå lokale bedrifter for å gå inn som aksjonærar og bidragsytarar. Når eit omstillingsprogram endar med at næringslivet tek ansvar for å føre arbeidet vidare, seier det mykje om kva som faktisk er oppnådd.
Sykkylven på oppløpssida
Det same perspektivet er relevant også i Sykkylven. Der er ikkje omstillingsløpet heilt ferdig, men dei er no på oppløpssida. Også her handlar mykje om å byggje utviklingskapasitet som varer etter programperioden.
Vi ser det i satsinga på sentrum som møteplass for aktivitet og næring, i etableringa av Næringsfabrikken, i samarbeidet mellom skule og næringsliv, i tiltak for rekruttering og kompetanse, og i rolla til Sykkylven Næringsutvikling som pådrivar. Eit lokalt studiesenter er eitt konkret døme på korleis kommune og næringsliv kan byggje strukturar som gjer det lettare å utvikle nye prosjekt og nye arbeidsplassar.
Forskjellen mellom dei to kommunane ligg først og fremst i fasen dei er i. Hareid viser kva som kan kome ut av fleire år med tett mobilisering og felles innsats. I Sykkylven handlar arbeidet no om å samle og vidareføre dette i meir varige strukturar som kan gi effekt også etter 2026.
Fylkeskommunen som medspelar
Desse erfaringane er også viktige på regionalt nivå. For fylkeskommunen handlar regional omstilling ikkje berre om å løyve midlar, men om å vere ein fagleg medspelar og ein langsiktig samarbeidspartnar.
I Hareid har det samla omstillingsbudsjettet vore 18 millionar kroner. Av dette er 10 millionar komne frå fylkeskommunen og resterande millionar frå kommunen og lokalt næringsliv. I Sykkylven er det i 2026 løyvd 1,7 millionar kroner frå fylkeskommunen til siste året av omstillingsprogrammet, innanfor eit samla årsbudsjett på 3,65 millionar kroner.
Rolla til fylkeskommunen er å bidra til å skape retning, sikre kvalitet og kopling til verkemiddelapparatet. Erfaringane frå både Hareid og Sykkylven viser kor viktig det er med tett samspel mellom lokale aktørar og regionale verkemiddel.
Ta vare på det som er bygd
Det viktigaste framover er å ta vare på det som er bygd opp. I Hareid blir det avgjerande å halde oppe samarbeidet mellom kommune og næringsliv i ei tid der kommunen har avgrensa økonomisk handlingsrom og står på ROBEK-lista.
I Sykkylven handlar det om å omsetje prosjekt og satsingar til varige strukturar etter 2026. Felles for begge kommunane er at utvikling ikkje kjem av enkeltståande prosjekt åleine. Ho kjem når ein byggjer tillit, kapasitet og felles retning over tid.
Det er den viktigaste lærdommen frå Hareid: Resultata kom ikkje av seg sjølve. Dei kom fordi mange aktørar drog i same retning over tid. Samarbeid, nettverk og felles retning var avgjerande.
Av May Britt Roald, rådgivar seksjon næring og nyskaping, Møre og Romsdal fylkeskommune
Publisert: 20.07.2026 11:40
Sist oppdatert: 20.07.2026 11:40






