Heime aleine festen fortset likevel
FYLKESTINGET: Fleirtalet i fylkestinget stemte ja til Autopass-regulativet denne veka. 
Synspunkt

Heime-aleine-festen fortset likevel

Maritim Forening for søre Sunnmøre (MAFOSS) går hardt ut mot fylkespolitikarane sine innsparingar på vidaregåande skule og innføring av Autopass.

Utdanning:


Fylkestinget i Møre og Romsdal har i desembermøtet vedtatt å legge ned fleire utdanningstilbod, mellom anna TAF-linja ved Ulstein vidaregåande skule.
Kor skal vi starte…?
Vi er ikkje berre sinte, vi er også veldig, veldig skuffa og svært vonbrotne.
Vi er skuffa over oss sjølve for at vi har valgt politikarar som ikkje er kapable og kompetente.
Vi er skuffa over dei same folkevalgte som ikkje klarer å sjå at dei sparar seg til fant.
Vi er skuffa over politikarar som ikkje ser den direkte framtidige verdiskapinga dei no legg ned.
Vi er skuffa over at dei kun snakkar om brutto sparing på nedlegging og at dei openbart ikkje skjøner at reknestykket også må innehalde ei inntektsside der ein TAF-elev betaler skattekroner alt frå første år på vgs.
Vi er skuffa over at dei gamblar med framtidig tilgang på etterspurt arbeidskraft for ein industri som er krystallklar på at behovet for TAF er der. Ein vesentleg og viktig industri for vårt fylke.

Samferdsel:


I samband med saka rundt AutoPass og ferjetakstar og at ein no trengte vaksne som kom for å rydde opp.
No skjønar vi at dei vaksne var på den same festen og at det ikkje er nokon igjen til å rydde opp. AutoPassFerje er framleis tidenes mest premature system, men er innført likevel. Takstane går opp grunna gratisturar for passasjerar, men det har INGEN bede om.
Høyrte vi fylkespolitikarar som sa «legge til rette for konkurransedyktige rammebetingelsar»? Det blir snakka om «mobilitet i arbeidsmarknaden», men det gjeld ikkje for områder med ferjer. No må den vanlege pendlar og transportør ta heile rekninga for dei som reiser gratis, og INGEN veit kor smertegrensa går.
Veit vi når det kostar akkurat nok? Når det er absolutt nok? Når vil ingeniøren, selgaren, designaren, sivilingeniøren, platearbeidaren, elektrikaren, investoren, rørleggaren, malaren, økonomen - som i dag pendlar over til dømes Hareid/Sulesund - gå lei og finne seg arbeid heilt andre stader? Og kva tid mister industrien så mykje av denne livsviktige kompetansen at ein legg ned..?
Er det nokon av våre folkevalgte som veit dette? Som kan forklare risikovurderinga og stresstestinga som ligg til grunn for avgjerda? For vi skjønar det ikkje. Vi skjønar faktisk svært lite. VI skjønar ikkje avgjerda tatt på nedlegging av TAF, og vi skjønar ikkje kva ein tenker med samferdsel. Vi har sagt det før, og må nok gjenta det ofte framover; vi får dei politikarane vi fortener.
Sjeldent har det vore tydelegare. Enkelte miljø har innført begrepet SKAM i samband med aktuelle politiske saker. No er det vår tur til å bruke det same begrepet for å formidle kva vi tenker rundt desse sakene, for dette er skammeleg.

Publisert: 11.12.2019 14:59

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:42