Heime aleine festen som gjekk over styr
Synspunkt

Heime-aleine-festen som gjekk over styr

«Den får bruke vit den som meiner den har det». Det sa gjerne foreldra våre til oss dei gangane vi krangla som små born.

I desse dagar er orda frå barndomen meir aktuelle enn nokon gong, og ein kan berre håpe at noko av det utdelte vitet i desse dagar er å finne mellom fylkespolitikarane i Møre og Romsdal.
Så langt er det ikkje mykje som tyder på det, for ein skal leite lenge etter tilsvarande kaos enn det som no er stelt i stand.

Økonomisk arbeid på Fylkesplan

Økonomien til fylket er frå administrativt hald relativt godt planlagt av litt for mange kvalifiserte folk, men så blir det blir behandla politisk - og hestehandel og fogderistrid er i gang. Det syner seg gang på gang, og gjer at ein svært sjeldan kjem i posisjon til å utvikle produkta sine og få skikkeleg framdrift.
For oss i privat næring ser ofte mykje av det politiske arbeidet ut som ein parodi. Hadde det vore drive som dette i privat verksemd hadde utfallet vore gitt for lengst, men i politikken får ein stadig nye sjansar til å bruke kroner ein ikkje har. Bruk av dei kronene ein faktisk har må gjerast på ein berekraftig måte og slik at det gir avkastning både på kort og lang sikt.
Når ein gjer desse vurderingane må ein også skilje mellom det som er absolutt nødvendig eller det som kun er «kjekt å ha». Her kjem sjølvsagt helse, utdanning og samferdsel i første rekke, og då må andre kostnadselement nødvendigvis nedprioriterast.

Sparing på feil premiss innan samferdsel

Vi er sjokkerte over forslaga til sparing som no kjem fram på ferje. Kven med vitet i behald foreslår ein ekstrem auke av takstsoner samstundes med nedlegging av avgangar på sentrale strekningar som til dømes Hareid-Sulesund?
Når kom den lyse ideen at ein i staden for å utvide opningstida faktisk skal stenge tidlegare? Og kvifor? For å spare? Spare kva då? INGEN held butikken sin stengd for å tene meir pengar, og det bør snart politikarane våre fatte.
Det er no til dømes «grønt lys» på strekninga Hareid-Sulesund 15 minutt i timen på dagtid, og «raudt lys» i 45 minutt. Ein vil no redusere med ei ferje, noko som medfører at det grønt lys kun 10 minutt og raudt i 50 minutt på dagtid. På kveld, natt og helg er tilbodet enno dårlegare. Overfarta går i ca 25 km/t…
Er dette våre politikarar sitt innspel for å betre rammevilkåra og konkurranseevna i vår region?

Tilgang til arbeidskraft

Vi representerer maritim industri i ypperste verdsklasse, eit nivå som vi dagleg kjempar for å behalde. Ein er då absolutt avhengig av topp nivå på dei tilsette, og fleire av desse er pendlarar med ferje. Vi er difor svært uroa over kva konsekvensar kostnadsauken kan få om det blir gjennomført.
Industrien og næringslivet på søre luten er avhengige av fornuftige samferdsleløysingar til fornuftige prisar, og slik forslaga no ligg føre vil det medføre ekstrem auke i kostnad for pendlarar og for varestraumen til og frå industri og anna næring. Vi er alt heilt opp mot det maksimale ein kan tole, kanskje alt over. Ein dag slår i alle høve smertegrensa inn, og den som pendlar finn seg heller anna jobb andre stader.
Vi stiller politikarane på fylket til ansvar no:
Tør ein gamble på konsekvensane redusert tilgang på kvalifisert arbeidskraft kan få for konkurransekrafta til bedriftene våre og dermed reduksjon i framtidige skatteinntekter?

Kor skal ein satse?

Ein kan seie mykje om kor pengane tok vegen, og kva prosjekt som gjer at ein er komen i denne situasjonen. Vi skal ikkje helle bensin på bålet der – det brenn godt nok – men no må ein samle seg og få realisert dei verkeleg effektive samferdsleprosjekta for å kome vidare. HAFAST er, saman med fleire andre prosjekt, løysingane her. Desse prosjekta vil i tur og orden generere større bu – og arbeidsmarknadsregionar og dei vil gi eit vesentleg sterkare næringsliv.
Det vi snakkar om kallast investering og satsing for framtidig avkastning. Det er kanskje ukjent terminologi for våre fylkespolitikarar, eller slår vitet snart inn?

Skule

Vi skal i denne omgang ikkje kommentere mykje om kuttforslaga innan skule, for det er glimrande kommentert av mellom anna Fredrik Linge Klock i Byggopp samt frå lærarar og tidlegare TAF-elevar.
Skal vår næring overleve i framtida er det ekstremt viktig å ha tilgang til kompetent arbeidskraft.

Kostnadane på drift av eige hus

Vi har til no ikkje sett mykje vilje til å sjå på driftskostnader av eige hus. Kostnadane med drift av byråkratiet på Fylkeshuset i Molde er enormt, og legg ein til utgifter til fulltidspolitikarar og drift av både det byråkratiske og politiske «livet» på huset er tala skyhøge.
Kva skjer med den pågåande evalueringa her? Dei siste 10+ åra er til dømes samferdsleavdelinga nesten tredobla i høve tal på tilsette, men vi ser ikkje at vi har fått vesentleg meir samferdsel for denne satsinga.
Dei same forholda gjeld fleire avdelingar, og mange har påpeika at ein truleg kan ta mesteparten av den naudsynte innsparinga på avbyråkratisering og effektivisering av «Huset» .
Vi ventar spent på utfallet, og forventar at konkurransevilkåra og rammebetingelsane for vår næring ikkje blir forverra.
Heime-aleine-festen gjekk over styr, og no må ansvarlege vaksne ta tak for å rydde medan festdeltakarane skammar seg.
Oddvar Saunes, styreleiar MafossJan Thormodsæter, dagleg leiar Mafoss

Publisert: 26.11.2019 11:31

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:42