Ferje lastebil 11
Synspunkt

Heller gratis ferjer, enn Møreaksen

Møreaksen er historie og gratis ferjer eller Romsdalsaksen er løysinga, skriv Frank Sve i dette innlegget – og peiker på kva vegprosjekt pengane bør nyttast til i staden.

25.02.2021

Møreaksen er historie, og gratis gode ferjer eller Romsdalsaksen med veg oppe på sjøen er løysinga.

Korleis har Møreaksen-forkjemparane tenkt å argumentere framover, no når alt tyder på at ferjeprisane blir kraftig redusert eller gratis ferjer blir innført slik vi i Frp ynskjer?

Kven er villig til å måtte betal 5-600kr tur/retur for kryssing av Romsdalsfjorden via ein stor omveg gjennom Molde, når ein no snart truleg kan reise gratis med ferja?

Finn den sunnmøringen eller nordmøringen som er villig til dette.

Ferjeavløysingsmidlane til Møreaksen forsvinn også, noko som betyr at Møreaksen-prosjektet blir endå dyrare og langt over dei 25 milliardane av kroner som no er stipulert.

1,5 milliard kroner vil ei halvering av ferjeprisane koste, og tre milliard for gratis ferjer.

Stortinget bør leite fram kalkulatoren sin, og snart fatte at Møreaksen til meir enn 30 milliardar kroner, sannsynlegvis er 10 gongar dyrare enn gratis ferjer i heile landet.

Eit stort fleirtal her i fylket vil framleis ha gode ferjer over Romsdalsfjorden eller Romsdalsaksen.

Valet til hausten blir eit «akseval» og eit val for gratis ferjer.

Bruk pengane frå Møreaksen på realistiske vegprosjekt slik som Blindheim-Breivika, få orden på Veibustkrysset og bygg Lerstadvegen utan bompengar.

Hafast og Rovdefjordbrua er prosjekt som uansett har kost-/nytteeffekt, og vil kunne prioriterast. Det same gjelder Langfjordkryssinga.

Møreaksen er berre ei dyr, farleg, miljøversting av ein omveg over Romsdalsfjorden, som no berre er å skrinlegge ein gong for alle.

Publisert: 25.02.2021 11:11

Sist oppdatert: 25.02.2021 11:19

Mer om