Kan oljebremsen gi fleire nyetableringar
Synspunkt

Kan oljebremsen gi fleire nyetableringar?

Delar av næringslivet i Møre og Romsdal merkar no oljebremsen med lågare ordretilgang og varslar nedbemanning. Kanskje er no den rette tida for å teste ut idear og starte eiga verksemd? Innovasjon og etablering er viktig for å skape nye arbeidsplassar, og hoppid.no sitt mål er å hjelpe fram gode entreprenørar og nyskapande prosjekt.

03.12.2015

Korleis påvirkar oljebremsen etableringslysta?

Svikt i marknaden kan virke negativt. Sist finanskrise, mellom 2007 og 2009, gjekk talet på nyetableringar ned. I omstillingsperiodar har mange bedrifter fokus på kjerneverksemd og effektivisering. Marknaden for kjøp og sal av tenester mellom bedrifter skrumpar inn, og bedriftene brukar eigne folk i staden for å leige. Dette kan føre til færre etableringar i tenestesektoren.

Samstundes skaper omstilling nye moglegheiter.

Når bedriftene no må sjå etter nye vegar, og fleire med høgare utdanning og bransjeerfaring blir ledige, må folk tenke nytt og hente fram dei gode ideane.

Biletet er ikkje svart-kvitt.

For delar av industrien, som har levd i skuggen av oljenæringa, er ein slakare arbeidsmarknad og lågare kronekurs positivt og vekstfremmande. Det er også auke i vare- og tenestekonsumet i 2014, og auken fortsett i første kvartal i 2015. ‘Oljesmellen knekker ikke kjøpelysten’, skriv Dagens Næringsliv (21.mai 2015) Korleis vil privatøkonomien utvikle seg, og korleis vil prioriteringane virke inn på nyetableringane? Frå før har vi sett at både dei kreative næringane og privat tenesteyting kan oppleve auke i nedgangstider.

hoppid.no: I bølgedalar er det viktig at det offentlege har virkemiddel

som kan bidra til omstilling og ny vekst. Møre og Romsdal fylkeskommune har utvikla ein solid infrastruktur for entreprenørskap. Vi har gründerhjelpa hoppid.no som er unik i landet. Over heile fylket har kommunane hoppid.no-kontor som er plassen å starte for dei som ønskjer om å etablere eiga bedrift eller har ein god forretningsidé. hoppid.no har eit tett nettverk av gode hjelparar som bidrar til forretningsutvikling, marknadsavklaring, kompetanseprogram og finansiell støtte. Vegen er kort frå hoppid.no til innovasjonsmiljø, som næringshagar og kunnskapsparkar, og til Innovasjon Norge.

Statistikken syner også at nyetablerte bedrifter er meir robuste

og meir levedyktige her i fylket enn elles i landet. På lista over dei mest levedyktige bedriftene, tek vi bronseplassen. Sidan 2001 har vi hatt ein jamn vekst og ligg no på rundt 2000 etableringar i året.

I gründerfylket Møre og Romsdal

har vi vist før at vi har evne til omstilling og nyskaping. Vi trur at det same gjeld i denne dumpen. Ta kontakt og sjekk ut moglegheitene med hoppid.no-kontoret i din kommune.

Publisert: 03.12.2015 12:55

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41