Kjaere folkevalde No startar jobben
Synspunkt

Kjære folkevalde: No startar jobben!

Ved inngangen til ein ny valperiode er det på sin plass å minne om dei folkevalde si viktigaste oppgåve; korleis kommunane sine inntekter skal skapast og fordelast. 

Inntektene har mange ulike vegar ut av kommunekassa, men det meste av pengane inn i kassa er eit resultat av verdiskaping i bedriftene. Og alle desse bedriftene har ein ting til felles; dei holder til i ein kommune. For alt startar lokalt. Alle verdiar skapast lokalt. I ein stor eller liten kommune.
Det er trist å sjå kor lite valkampen i Møre og Romsdal har handla om jobbskaping og bedriftene sine vilkår. Her i fylket har valkampen stort sett vore prega av bompengar og akse-diskusjonar, medan vi har høyrt fint lite om dei store utfordringane som fylkeskommunen står foran. Den dårlege økonomien tyder på at det ikkje vil vere pengar til å oppfylle alle gode planar og lovnader. Fylkesvegane er nedslitne og treng utbetring for milliardar og etterslepet på vedlikehald av skular og andre offentlege bygg er stort. Effektivisering i offentleg sektor er heilt nødvendig. Mange kommunar deler dei same utfordringane, men valkampen har i liten grad handla om desse viktige sakene som vil ramme mange innbyggergrupper. Kva vil våre folkevalde prioritere og ikkje minst; velge vekk? Det vet vi svært lite om.
Enda fleire arbeidsplassar i privat sektor er viktig for å få skatteinntekter til kommunane. Bedriftene og verdiskapinga kjem ikkje av seg sjølv. Nokon må tørre å satse pengane sine og jobbe døgnet rundt for å få bedrifta til å gå rundt. Da må kommunane legge til rette og lytte til bedriftene sine behov. Saksgangen må vere smidigare, det må bli enklare å etablere seg og sikre at dei får tak i den arbeidskrafta og kunnskapen som trengs for å utvikle seg og vekse vidare. Møre og Romsdal er eit av Noregs største eksportfylker. Då må infrastrukturen formast slik at bedriftene enkelt får frakta varene sine til og fra marknaden, og at vi får større bu- og arbeidsmarknadsregionar. Alt dette er heilt avgjerande for at bedriftene kan skape arbeidsplassar til innbyggarane og verdiar som kan returnerast tilbake til storsamfunnet.
Kommuner som klarer å legge til rette for private bedrifter får openberre gevinstar i retur. NHO sitt Kommune-NM 2019 viser tydeleg at kommuner med høg andel private sysselsette har større folkeauke, ein yngre arbeidsstyrke og meir kjøpekraft, samstundes som både sjukefråveret og andelen uføre er lågare.
Det finnes ikkje ei klar oppskrift på korleis kommunane best mogleg kan legge til rette for bedriftene. I valkampen har vi hatt med oss mange politikarar på besøk til bedriftene rundt i fylket. Fleire bedriftsleiarar fortel om små og store hindringar som dei møter i kvardagen. Mange av hindringane er ganske enkle å fjerne dersom kjennskapen til bedriftene sin kvardag og samfunnsbidrag blir enda betre. Av den grunn håper og trur vi at bedriftsbesøka var inspirerande og nyttige for politikarane.
I årets valkamp har NHO Møre og Romsdal utfordra ordførar- og fylkesordførarkandidatar til å signere eit løfte om korleis dei vil legge til rette for næringslivet i si kommune hvis dei blir valde. Ordførarløftet har begeistra og engasjert på tvers av partia og fleire kandidatar har lova følgande:
  1. Sørge for god tilgang på næringsareal med eigne infrastruktur- og transportløysingar.
  2. Samarbeide med bedrifter for å yte gode tenester til innbyggarane.
  3. Sørge for konkurransedyktig nivå på kommunale avgifter for bedrifter
  4. Nytte kommunen si innkjøpsmakt for å motvirke arbeidslivskriminalitet
  5. Sette et ambisiøst måltall for grøne innovative offentlege innkjøp.
  6. Sørge for at kravet om lærlingar følges opp i kommunen sine innkjøp.

Dersom desse løfta følges opp, vil vi ha eit godt grunnlag for fortsatt verdiskaping i regionen vår.
Vi vil oppmode alle dykk som har fått folkets tillit i fire år til å bli enda betre kjend med bedriftene i ditt lokalsamfunn, høyr kva de slit med, og ikkje minst; kva dei kan bidra med. Eg håper at diskusjonane i kommunane og fylkestinget dei neste fire åra vil handle om korleis bedriftene kan bidra. For hugs: det er bedriftene som gir liv til bygd og by. Lukke til!
Av Torill Ytreberg, regiondirektør NHO Møre og Romsdal

Publisert: 10.09.2019 10:33

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:42