Daniel Garden foto Ogne
SKIFTAR JOBB: Daniel Garden byrja som leiar for GCE Blue Maritime i september 2021. 1. september byrjar GCE Blue Maritime-sjef Daniel Garden som toppsjef i Maritime Montering Group. Foto: Ogne Øyehaug
Synspunkt

Klyngesamarbeid kjem ikkje av seg sjølv

Ingen av bedriftene i den maritime klynga hadde klart å vekse slik dei har, utan bedriftene rundt seg, skriv den avtroppande leiaren for GCE Blue Maritime.

11.08.2023

Den maritime klynga i Noreg og kanskje spesielt på Møre har over lang tid utvikla seg i eit samspel der vi trygt kan seie at ingen av bedriftene hadde klart å vekse fram slik dei har, utan alle dei andre bedriftene rundt seg,

I tillegg har vi forskingsmiljøa, bankane, dei offentlege etatane, grunderane og investorane. Eit samanfiltra trevlverk der ein risikerer å tape sine internasjonale fortrinn dersom miljøet ein er ein del av fell vekk.

Kva har vi så hatt nytte av i denne klynga? Først og fremst er vi kvarandre sine beste kundar. Fiskarar ville ha eigen båt, verkstadane bygde. Nokon utvikla ein god motor som passa i desse. Andre var gode på reiskap og utstyr. Slik vaks den maritime klynga fram. Og slik har mang ei verksemd starta, ved å selje til ei anna lokal bedrift for så etter kvart å finne fleire slike kundar, noko som så har teke dei ut i verda.

Og slik har det utvikla seg mange gode leverandørar som har vore godt tilpassa behova til våre kundar og kundars kundar. I dette samspelet har ofte nye og betre løysingar vore ettertrakta. Kvardagsinnovasjonen har summert seg opp til store tekniske forsprang som har gitt oss ein unik posisjon ute i verda, og ein har kome dit at det ikkje er ein innlandsmarknad og ein utanlandsmarknad, men rett og slett éin maritim marknad.

Når vi er inne på marknader, kvar hadde vel dei maritime verksemdene vore om ein ikkje fekk tak i kvalifiserte folk? Men er bedrifta som ei aude øy i ein region utan liknande industri, trekk ho heller ikkje til seg arbeidskraft. Å vere ein del av ein kompakt og relevant arbeidsregion har alle bedriftene i klynga nytt godt av. Det har gjort at dei har klart å utvikle gode løysingar og teke seg til nye marknader. Utan konkurrentane, kundane og leverandørane i klynga, ville ein ikkje kome seg dit ein er i dag.

Gjennom denne utviklinga har akademia også funne eit behov dei kan vere med å dekke. Næringa treng ny kompetanse og ny lærdom. Anten det vere seg kunnskap om nye segment og marknader eller det er teknisk forsking og utprøving. Vidare har gode utdanningar vorte utvikla for å passe til den næringa som er så sterkt til stades her på Møre.

Så ved sidan av kundar, leverandørar og arbeidskraft, har også klynga fått enno ein fordel inn i samarbeidet – nettopp fordi dei er ei klynge.

Men vi må ikkje gløyme at alt kostar. Historisk har regionens investorar og bankar også funne ein marknad i denne gryande maritime klynga. Og slik har nye ambisjonar fått økonomisk mulegheit til å prøve seg, feile eller vinne. Og kapitalen bankane og investorane har til rådigheit kan også ofte sporast tilbake til maritim verksemd.

Ei stor og tydeleg maritim klynge har vorte viktig for oss. For lokalsamfunna og dei andre tilstøtande næringane. Vi ser at våre lokale politikarar er merksame på oss, og ikkje minst dei offentlege etatane. Eksfin, Innovasjon Norge, Forskingsrådet og Kystverket er alle gode deltakarar i klyngesamarbeidet.

Så dette samspelet kan vi alle vere einige om er viktig for dei maritime verksemdene sin suksess. Likevel kan dette framleis samanliknast med ein gjeng gutar som spelar fotball saman i gata. Dei er der alle, lagspelarane, driblarane, midtstopparane og keeperane. Og motspelarane. Det er først når ein set inn eit strukturert apparat for å trene, utvikle og å støtte at denne laust tilknytte gjengen kan utvikle seg til å nå verdstoppen.

Nærings- og fiskeridepartementet har gjort nettopp dette. Dei oppretta det nasjonale klyngeprogrammet for nettopp å ha ei organisert tilnærming til klyngesamspelet. Innovasjon Norge har fått oppdraget saman med Siva og Forskingsrådet med å drive programmet, og dei maritime verksemdene på Møre søkte allereie i 2006 om å verte godkjend som klynge, og slik starta NCE Maritime opp med dåverande Ålesund Kunnskapspark (no ÅKP AS) som vertskapsadministrasjon.

I 2014 søkte ein igjen og vart tilkjend GCE-status (Global Center of Expertise) grunna stort omfang og internasjonalt nedslagsfelt. Med dette følgjer det også støttemidlar der klyngeprogrammet yter ei årleg ramme til samarbeidsprosjekt innan kompetanse og innovasjon, dersom bedriftene yter like mykje. Ofte dreier denne eigeninnsatsen seg om den tida bedriftene brukar på samarbeidsprosjekt, kurs og seminar, og ikkje nødvendigvis pengar.

Utviklinga av vår maritime klynge har ikkje kome av seg sjølv. Den gode posisjonen bedriftene har, er ikkje eine og åleine deira eigen suksess, men den maritime klynga sin suksess. Det er på grunn av klynga dei har lukkast.

Likevel vel ein del bedrifter å stå utanfor det organiserte samarbeidet. Utan mulegheit til å påverke det organiserte samarbeidet. Utan mulegheit til å ta del i samspelet utover enkeltkrets-samarbeidet dei sjølve kan skape bilateralt. Men det er når vi oppnår multilaterale effektar vi skapar mest suksess for kvarandre. Så deltaking i GCE Blue Maritime er ikkje berre solidarisk, men rett og slett smart.

Av avtroppande leiar for GCE Blue Maritime, Daniel Garden.

Publisert: 11.08.2023 17:58

Sist oppdatert: 14.08.2023 09:40

Mer om