Gjermund Langset foto The North West
Synspunkt

Kva skulle vi ha gjort utan havet?

Mange har reagert sterkt på at Ali Tabrizi, skaparen av filmen Seaspiracy, kjem til The North West den 1. september. Seaspiracy har skapt ein internasjonal debatt, den debatten skal vi ta her – i Noregs fiskerihovudstad, skriv dagleg leiar Gjermund Kvenmo Langseth i The North West.

Havet er enormt. Uendeleg. Utømmeleg. Botnlaust. Alt som forsvinn i djupet er vekke for alltid. Slik var det ein gong.

I alle fall trudde vi det. No veit vi betre, havet er ikkje uendeleg, utømmeleg eller botnlaust. Det bur menneske på den andre sida, det kan gå tomt for fisk og søppel forsvinn ikkje for alltid i djupet.

Når dokumentaren Seaspiracy vart lansert, skapte det ein tsunami av reaksjonar verda over. Hollywood kom med massiv støtte, næringa reagerte med vantru. Konklusjonen; «vi må slutte og ete fisk» vart sterk kost for mange. Tradisjonar, kultur og verdiskaping var ikkje lenger viktig. Emneknaggen #donteatfish vakna til liv og florerte på verdsveven. Og det mange meiner er svaret på framtidas matproduksjon, var plutseleg ikkje svaret likevel.

Ein god del rista på hovudet og tok ikkje dokumentaren seriøst. Dette angår jo ikkje oss. Det handlar om dei andre. Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen var raskt ute og fjerna all tvil med påstanden; «Norway are world champions of sustainable fish and seafood».

Men er vi så gode? Frå at 90 % av norsk fiskeri var sertifisert av MSC i 2019, er no berre 38 % sertifisert av MSC – verdas største miljøsertifisering for fiskeri. Det viser tal Kapital la fram 25. februar i år. MSC er verdas største miljøsertifiseringsprogram for fiskeri. Det kan bety tap i verdi og marknadstilgong. Vi får også sterk kritikk frå Havforskingsinstituttet og FN fordi vi fiskar med botntrål i verna havområde. Vi jaktar framleis kval, til internasjonale protestar. Vi har store problem med mellom anna lakselus og massedød av villaks som følgje av oppdrett. Og plastproblematikken er høgst reell, også her.

Samstundes har vi eit næringsliv med høg innovasjonstakt, evne og vilje. Det er takka vere dei at vi er der vi er i dag. Men det betyr ikkje at vi kan halde fram på same måte som vi har gjort. Kva vi gjer framover betyr noko. Det betyr noko for havet og klimaet. Men det betyr også mykje for oss som bur her langs kysten, for verdiskaping, arbeidsplassar og gode lokalsamfunn. Lokalsamfunn som er heilt avhengige av havet.

Mange har reagert sterkt på at Ali Tabrizi, skaparen av Seaspiracy, kjem til The North West den 1. september. Det er bra. Og det er nettopp difor vi har invitert han. Skal vi ha utvikling må vi også tore å ta diskusjonen om det som ligg vårt hjarte nærast. Seaspiracy har skapt ein internasjonal debatt, den debatten skal vi ta her – i Noregs fiskerihovudstad. Korleis skal vi framover finne balansen mellom bruk av ressursar frå havet og vern av det? Det er heilt naturleg at vi leiar ann diskusjonen.

For kva skulle vi gjort utan havet?

Publisert: 19.08.2021 17:00

Sist oppdatert: 18.08.2021 11:19