Kysten er framtida vi treng sterke kompetansemiljoe knytt til naeringane
Synspunkt

Kysten er framtida – vi treng sterke kompetansemiljø knytt til næringane

Giek/Eksportkreditt bør få eit lokalkontor i Ålesund, sjølv om tida for å etablere det ikkje er i samband med at dei to institusjonane skal slå seg saman, skriv Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven og 1. kandidat til stortingsvalet for Venstre.

Stig Remøy er ein markant gründer og reiar frå Herøy, som no ber regjeringa om å vise handlingskraft for å styrke den maritime klynga på Sunnmøre. I ein kronikk i Sunnmørsposten den 4. januar ber han konkret om at regjeringa etablerer eit lokalkontor for dei viktige statlege finansieringsinstitusjonane Giek og Eksportkreditt i Ålesund.
Møre og Romsdal er eitt av dei største eksportfylka i landet. Det er ei stor maritim klynge på Sunnmøre, og vi har nyleg fått ei storkommune rundt byen Ålesund. Når fem kommunar har blitt til ein, ut frå regjeringsynskje om samanslåing, så fortener dei at styresmaktene gir løn for lydigheita, meiner eg.
Og kva er vel betre å satse på enn kompetanse og tilrettelegging for dei verksemdene Sunnmøre blømer av? Det skjer ei rivande teknologiutvikling i Møre og Romsdal, næringslivet er opptekne av grøn omstilling og satsing på klimavennlege løysingar. Omstilling krev finansiering, og skal vi halde fram med å nytte havromet til å skape store verdiar, så er det viktig å halde på dyktige tilsette, styrke kompetansen og legge til rette for at viktige institusjonar, knytt til lokal næringsverksemd, er i nærleiken.
Eit lokalkontor vil gje nærleik til den eksportskapande maritime og marine klynga på kysten. Dette er Remøy, og mange med han, tydelege på.
Næringsministeren får krass kritikk av leiaren i Sunnmørsposten, samt fleire næringslivstoppar, som støttar Remøy i si utsegn. Fleire lokale Venstre-politikarar har difor vore i kontakt med ministeren, og gitt alle signala vidare, slik at ho er godt kjent med kva som rører seg i denne saka her på Sunnmøre.
Ho fortel også at ho skal kome med eit godt grunngjeve svar, når no spørsmålet skal opp i Stortinget.
Statsråd Iselin Nybø er krystallklar på at dersom denne saka hadde handla om å etablere eit nytt kontor, så ville hennar første tanke vere at dette skulle plasserast ein stad i landet der det kan kome næringslivet til gode. Venstre er opptekne av å ta landet i bruk, og vi ynskjer å legge til rette for næringslivet, og å styrke tenester der næringane er. Men akkurat denne saka handlar om noko anna. Vi snakkar her om å flette saman to institusjonar, slik at dei blir ein. Giek og Eksportkreditt skal bli ei eining, som saman skal bli eit sterkt kompetansemiljø, som bygger på dei tilsette ein allereie har på plass.
For å bruke eit lokalt bilete, utan samanlikning elles, det blir som om Kleven og Ulstein skulle fusjonerast.
Bedriftene ligg i Ulsteinvik, men både kultur, system, gjennomføring m.m. er gjerne ulikt. Skal ein bli eitt så er det mykje arbeid som ligg føre, for å sikre at ein i framtida kan levere enda betre tenester, at produkta ein leverer er bygd på ein samla kunnskap om kva som er best for kunden, og vi får ein kvalitet som sikrar det beste frå begge partar.
Vi veit alle at det ville ha teke noko tid å få dette til, men det er mogleg. Samtidig skjønar vi alle at det er enda meir krevjande å løyse, når vi samtidig seier at designkontoret til Ulstein/Kleven frå no av skal lokaliserast til Ålesund, til det gode fagmiljøet der. Sjølvsagt eit urealistisk døme, men eit forsøk på å overføre bildet til lokale tilhøve.
Eg vonar framleis, som Remøy, at det i framtida blir råd å få til eit lokalkontor av Giek/Eksportkreditt i Ålesund, men eg skjønar at den tida ikkje er no. Så eg oppmodar om at Næringsministeren tek med forslaget frå Remøy i arbeidet ein no tek til på, og ser på løysingar med lokalkontor som ein del av den endelege fasiten. For det er ingen tvil om at nærleik til kunden er viktig. Når Geir Strand skriv i Sunnmørsposten den 6. januar at to tredjedelar av garantiane til Giek i 2019 gjekk til bedrifter i Vestland og Møre og Romsdal, så er det eit svært sterkt bilete på at det sterke eksportretta næringslivet ligg langs kysten av Vestlandet, og då må vi også sørge for at også sterke kompetansemiljø som skal styrke verksemdene ligg tett på.

Publisert: 09.01.2021 18:44

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:43