Livsfarleg å tru at skipstunnelen er sikra
Det er først inn mot statsbudsjettet 2024 at det store slaget vil stå, skriv stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V).
Det er svært gledeleg for heile kysten at arbeidet med Stad Skipstunnel rullar vidare også i 2023. Stad Skipstunnel er nøkkelen til å lukkast med overgang av transport frå land til sjø på Vestlandet, og vil bety enormt mykje for både næringsutvikling og regionutvikling.
Venstre meiner det vil vere galskap å stoppe Stad Skipstunnel på dette tidspunktet – no må spaden i jorda og tunnelen byggast!
Det er all grunn til å rose stortingsrepresentantane frå Ap og Sp i Sogn og Fjordane for godt arbeid med saka i budsjettprosessen, ikkje minst Erling Sande (Sp) og Torbjørn Vereide (Ap). Deira innsats har truleg vore heilt avgjerande i ei sak der heile Oslo-establishementet, inkludert byråkratiet i alle berørte departement, ikkje likar prosjektet.
Det er likevel livsfarleg å tru at prosjektet no er i mål – kampen er ikkje over! Det er først inn mot statsbudsjettet i 2024 det verkeleg store slaget vil stå, og Stad Skipstunnel har blitt mobbe-offer nummer 1 både i departementsmiljøa og i «snakke-klassen» i Oslo som skriv leiarartiklar og kommentarar i dei største avisene, sirklar rundt Stortinget på dagleg basis og har stor uformell makt i det politiske systemet.
Difor må det arbeidast på ein heilt annan og mykje meir systematisk og profesjonell måte i 2023 med å løfte Stad Skipstunnel regionalt på Vestlandet og nasjonalt enn det livsfarlege «kvileskjæret» dei lokale kommunane har hatt i dette arbeidet i 2022. Og den jobben må starte umiddelbart etter nyttår.
No kan det ikkje lenger handle om lokale ordførarar som sjølve fer rundt og har møte og skriv lesarinnlegg og prøver å få biletet sitt i avisa lokalt.
No handlar jobben om å mobilisere breitt regionalt og nasjonalt alle dei alliansepartnararane som har nytte av prosjektet: Næringsliv, fiskarorganisasjonar, arbeidstakarorganisasjonar, miljørørsle, skipsfart-aktørar og andre. Det er dei som må aktivt ut og forklare kvifor Stad Skipstunnel er viktig for Vestlandet, viktig for sjøtransporten og dermed også viktig for Noreg.
Randi Humborstad og Måløy Vekst har gjort ein fantastisk innsats på dette området når dei først har fått lov å sleppe til av lokale ordførarar – no må dette arbeidet girast opp til eit heilt anna nivå i 2023 og organiserast godt om vi skal klare å få byggestart i 2024.
Stad Skipstunnel må bli ei nasjonal vinnar-sak, ikkje berre ei lokal sak for tre små kommunar. Det er heilt avgjerande om vi no skal kome heilt i mål.
Publisert: 30.11.2022 08:40
Sist oppdatert: 30.11.2022 09:19