CO₂-avgifta set beredskap, tryggleik, distrikta, næringslivet, fiskerinasjonen – og miljøet – i spel. Denne særnorske avgifta må fjernast!
Når ein erfaren skipper som Pål Arne Roaldsnes i Nordic Wildfish i Giske tek til tastaturet og fortel frå det verkelege livet på havet, då bør det lyttast og handlast.
Vi har ei fiskerinæring som leverer mat til verda med eit i særklasse lågt miljøfotavtrykk. Likevel blir næringa pålagt ei særnorsk CO₂-avgift som truar både tryggleik, beredskap og arbeidsplassar langs heile kysten.
Etter endringane 1. juli kan ikkje båtar som «Synes» lenger bunkre i Tromsø. Dette er ein av båtane i flåten til Nordic Wildfish. Det gjer fisket ulønsamt. Og når båtane må segle til Færøyane eller Shetland for å bunkre, eller tvingast til å bruke bunkersbåtar i ope hav, aukar både forbruket og risikoen for utslepp og ulykker.
Dette er ikkje berre dårleg politikk, det er beint fram miljøfiendtleg politikk.
Konsekvensane er alvorlege: nedbygging av infrastruktur, permitteringar, tap av arbeidsplassar og redusert norsk nærvær i vår eiga økonomiske sone. Og alt dette skjer medan vi ventar på alternativ teknologi som enno ikkje er tilgjengeleg.
Vi i KrF krev at avgifta på fiskeflåten blir fjerna – ikkje i framtida, men no. Før fleire arbeidsplassar forsvinn, før fleire båtar må leggje til kai, og før miljøet blir endå ein gong offer for symbolpolitikk.
Publisert: 21.07.2025 10:24
Sist oppdatert: 21.07.2025 10:31