No skal bedriftene faa pengar paa konto
Synspunkt

No skal bedriftene få pengar på konto

Bedrifter over hele landet har slite under koronapandemien. No er kompensasjonsordninga på plass, skriv stortingskandidat Lena Landsverk Sande (V) og næringsminister Iselin Nybø (V) i dette innlegget.

Bedrifter over hele landet har slite under koronapandemien. No er kompensasjonsordninga på plass, og vi oppmodar bedrifter til å søkje no for å få pengar raskt inn på konto. Saman skal vi hjelpe bedriftene ut av krisa.
Vi veit at mange har venta utålmodig på økonomisk stønad. Næringslivet slit framleis, og vi vonar og trur at mange no vil søkje om støtte når kompensasjonsordninga opnar.
Måndag opna Brønnøysundregistera for søknadar om tilskot som skal dekkje uunngåelege kostnadar. Ordninga er slik at dei som er hardast ramma også skal få mest stønad. Den er laga så brei som mogleg for å hjelpe flest mogleg med stort omsettingsfall. Tusenvis av bedrifter kan no få utbetalt pengar om få dagar.
For mange har det vore ein del ventetid. Difor var Venstre opptekne av å få til ei rask løysing frå Stortinget før jul i fjor. Saman med regjeringspartia og FrP fordelte vi 250 millionar til kommunar med høg arbeidsløyse, som skulle gå særskilt til utelivet og serveringsbransjen. Oslo, Bergen og Stavanger fekk store summar for å hjelpe bedriftene, medan dei venta på kompensasjonsordninga. I tillegg til dette har vi utsett skattekrav og annonsert at vi utvidar kompensasjonsordninga til å også gjelde mars og april.
No ser vi fram til å kome i gong med utbetalingar frå kompensasjonsordninga. Men dette markerer ikkje at vi er ferdige med jobben. Som Venstre-politikarar går vi på jobb kvar dag for dei som skapar verdiar og dei nye grøne arbeidsplassane. Vi skal ha eit mangfaldig næringsliv også etter pandemien. Det skal kompensasjonsordninga bidra til. No er det opp til bedriftene å søkje, så skal pengane kome raskt inn på konto.

Publisert: 21.01.2021 09:32

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:43