Tobis Foto Ase Husebo Havforskningsinstituttet 1
Tobis er ein nøkkelart i Nordsjøen. No kan den bli satt i spel på grunn av vindkraftutbygging, fryktar Fiskebåt. Foto: Åse Husebø, Havforskningsinstituttet.
Synspunkt

Nordsjøens nøkkelart i spel

Risikoen for natur, miljø og fiskeri druknar i det store mylderet av nyhende som omhandlar havvind, skriv rådgivar Hanna Bauge og ressursforskar Gjert Dingsør i Fiskebåt.

Sanninga om kva som står på spel ved Norges havvindssatsing må tydelegare fram i lyset.

Fiskebåt, som organiserer den havgåande fiskeflåten, er bekymra for konsekvensane den nye havvindindustrien kan få for dei komplekse økosystema i havet. Det er særleg silarten tobis vi er bekymra for, når det gjeld forslaga som er lagt frem for Nordsjøen. Fiskarane deler bekymringa med forskarane og miljøorganisasjonane.

Tobis er ein nøkkelart i Nordsjøen. Det vil seie at den har avgjerande betydning for andre artar, samt stor påverknad på strukturen og stabiliteten i økosystemet.

Fisket etter tobis er blant dei viktigaste i Nordsjøen. Det er strengt regulert, nettopp for å ivareta den enormt viktige funksjonen arten har i Nordsjøens økosystem. Kvotane for tobisfiskarane er tufta på overskotet i bestanden. Nokre år er det er lite tobis i Nordsjøen. Då tillatast det heller ikkje fiske. I tillegg er fleire konsentrerte tobisområder stengt kvart år.

Norges vassdrags- og energidirektorat la i fjor vår fram ein rapport med 20 utreiingsområde for havvind. Sju av desse er foreslått i Nordsjøen. Felta er omringa av viktige gytefelt for tobis.

Tobisen lever og oppheld seg der det er sandbotn. Store deler av tida er den nedgrave i sanden. Utan sand vil ikkje tobisen overleve.

Vindturbinar til havs påverkar og endrar vindforholda i området. Forskarane fryktar at dette også vil påverke forholda under havoverflata, som endringar i sirkulasjon, fordeling av vatnmasse og planktonproduksjon, som igjen utgjer føde for denne og andre artar. Det er også en reell bekymring for endringar i straumforhold, som kan påverke drifta av tobislarvar og overlevinga på dette sårbare stadiet. Oppvirvling av sand kan også påverke fiskens gjeller og evne til overleving.

Det fryktast også påverking på og endring i sandbotnen som tobisen lever i, ettersom Nordsjøen er relativt grunn. Dersom utbygginga fører til forflytting av sand, og med det endrar botnforholda frå sandbotn til hardbotn, vil tobisen kunne forsvinne frå området.

Det er mykje vi ikkje veit enda, men ein ting er sikkert. Tobisen må ikkje forsvinne frå Nordsjøen. Den er særs viktig og må ikkje tuklast med. Sjølv en mindre reduksjon i tobisbestanden vil kunne være alarmerande. Ikkje berre for norske tobisfiskeri, men for alle dei andre artane i økosystemet som livnæra seg på denne, og fiskeria etter fleire av desse.

Fiskebåt tykkjer det er flott at norske politikarar og myndigheiter tar klimautfordringane vi står ovanfor på alvor. Vi deler bekymringa for global oppvarming.

Likevel må vi opplyse om konsekvensane som kan stå på spel, for å sikre at utbygginga ikkje skadar naturen og bestandane våre. Kraftproduksjon frå havvind vil gje ei kontinuerleg drift, over fleire tiår. Dersom dette påverkar tobisen negativt og fører til økt dødelegheit, vil det kunne ha ein negativ konsekvens på bestanden både i gode og dårlege år. Det kan med andre ord ikkje regulerast årleg, slik det gjerast for fiskeri.

Vi meiner at folket ikkje må forførast av lovnader om ny grøn industri og flotte tall i klimarekneskapet for raskt. Eit av Nord-Atlanterens viktigste og mest produktive økosystem kan stå på spel. Det kan føre til uopprettelege konsekvensar for livet i havet og for klimavenleg matproduksjon i norske farvatn til evig tid.

Nordsjøen er underlagt stort press allereie, blant anna av fiskeri, petroleum og skipsfart. Havvind vil kome i tillegg. Kjennskapen til konsekvensane frå havvind er for dårleg. Det hastar å få svar. Samtidig sitt myndigheitene våre med midlar frå årets statsbudsjett til forsking på konsekvensar for naturen, men ingenting har skjedd. Det er tydelegvis for travelt i departementa til at dette har blitt prioritert.

Innlegget er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Publisert: 24.05.2024 10:46

Sist oppdatert: 24.05.2024 10:46