Mot slutten av 1800-talet tok fiskarar langs norskekysten til å organisere seg. Det som byrja som lokale initiativ, voks etter kvart til eit stort og slagkraftig fellesskap bygd på felles interesser og viljen til å stå sterkare saman.
Den 16. juli 1926 vart eit historisk vendepunkt i norsk fiskerihistorie. Denne dagen samla fiskarar frå heile landet seg for å stifte Fiskernes Faglige Landslag, ein felles fagorganisasjon som samla fiskarar på tvers av regionar, fartøystorleikar og andre skiljelinjer. Organisasjonen fekk seinare namnet Norges Fiskarlag.
I hundre år har Fiskarlaget vore ei samlande kraft for fiskarar langs heile kysten. Ei røyst for næringa og eit fellesskap som har stått støtt gjennom generasjonar. Når vi ser tilbake, ser vi kor mykje denne organisasjonen har betydd, og framleis betyr, både for kvardagen vår, for samhaldet mellom fiskarane og for framtida til næringa. Fiskarlaget har gjeve oss ei stemme som blir lytta til, og eit fellesskap som gjer oss sterkare enn vi nokon gong ville vore kvar for oss.
Fiskerinæringa er bygd på generasjonar med hardt arbeid, kunnskap og erfaring. Nettopp difor er det så viktig at fiskarane har ein organisasjon som tek vare på denne arven, samstundes som vi arbeider framoverretta og kunnskapsbasert. Gjennom hundre år har Norges Fiskarlag bidrege til at vedtak som gjeld fisket, frå reguleringar og kvoteordningar til tryggleik og arealforvaltning, blir forma med fiskarane sine interesser og erfaringar som utganspunkt.
Hundre år har også lært oss at fellesskap ikkje alltid er det same som semje
Hundre år har også lært oss at fellesskap ikkje alltid er det same som semje. Gjennom åra har det vakse fram fleire organisasjonar med viktige og meir spissa interesseområde, og vi har opplevd usemje og uro i eigne rekkjer. Det er ein naturleg del av ei næring i utvikling. Samtidig har historia vist at vi står sterkast når vi søkjer samarbeid, lyttar til ulike perspektiv og samlar kreftene i dei sakene som er viktigast for heile fiskerinæringa. Vi er også avhengige av eit godt samarbeid med andre aktørar i næringa, med forskingsmiljøa, forvaltning og politiske beslutningstakarar. Ulike interesser vil alltid konkurrere om merksemda, men gjennom open dialog, gjensidig respekt og vilje til å finne felles løysingar kan vi skape dei beste rammene for fiskerinæringa og kysten.
Vi veit at også tida som kjem vil by på store utfordringar. Press på havareala, klimaendringar, nye krav og avgifter, og ein hardare kamp om fiskeriressursane er saker vi må møte i lag. Samtidig er verdssituasjonen meir uroleg enn på lenge, med store geopolitiske spenningar som også påverkar fiskerinæringa. Nettopp derfor treng vi eit sterkt og samla Fiskarlag. Når vi står saman på tvers av flåtegrupper, landsdelar og generasjonar, kan vi løfte dei viktigaste sakene og påverke utviklinga av norsk fiskeripolitikk på ein måte som tek vare på fiskarane og gagnar heile kysten.
Det er ei styrke at både små og store aktørar, mannskap og fartøyeigarar, møtest rundt same bord
Det er ei styrke at både små og store aktørar, mannskap og fartøyeigarar, møtest rundt same bord for å finne løysingar som tener fellesskapet. Engasjementet frå medlemmene er sjølve drivkrafta i organisasjonen. Det er dette som har gjort Fiskarlaget til ei samla stemme for norsk fiskerinæring som blir lytta til. Slik må organisasjonen halde fram med å vere også dei neste hundre åra: eit trygt ankerfeste og eit sterkt fellesskap for fiskarane langs heile kysten.
Når vi no markerer dette jubileet, ønsker vi å rette ei stor og hjarteleg takk til alle som har vore med å forme historia til Fiskarlaget. Til pionerane som bygde laget, og til alle som gjennom hundre år har teke på seg tillitsverv og ansvar på vegne av fiskarane.
Vi vil også takke alle medlemmene som har stått saman om organisasjonen gjennom hundre år, og til dei administrativt tilsette som på kvar sin måte har synleggjort kor viktig fiskerinæringa er for landet vårt, og spesielt for kystsamfunna. Saman har vi bygd eit hundreår med samhald, gjennomslagskraft og tru på framtida. No er det vår oppgave å føre arven vidare, sikre gode vilkår for fiskarane og bidra til ei berekraftig forvaltning av havet til beste for komande generasjonar.
Frå oss i Sør-Norges Fiskarlag går ei varm helsing til Norges Fiskarlag på 100‑årsdagen. Vi er stolte av historia, takksame for fellesskapet og ser fram til å vere med på dei neste hundre åra. Gratulerer med jubileet!
av leiar Janita Arhaug i Sør-Norges Fiskarlag
Publisert: 15.07.2026 13:29
Sist oppdatert: 15.07.2026 13:30






