Paal Aarsaether
Pål Aarsæther er lektor og tidlegare leiar i Møre og Romsdal Lektorlag. Foto: Privat.
Synspunkt

Norsk skole – ein krønike om eit varsla mord

Det siste norsk skole no treng, er endå fleire overflatiske idear frå politikarar om korleis lærarane skal gjere jobben sin, skriv lektor Pål Aarsæther.

21.09.2026

Nobelprisvinnaren Gabriel García Márquez’ Krønike om et varslet mord handlar om eit drap alle veit skal skje, men som ingen klarer å hindre. Det er vanskeleg å finne eit betre bilete på norsk skole. Vi har alle sett det komme.

I tjue år har grunnleggande ferdigheiter vore høgt prioriterte. Vi har fått reformer, læreplanar, kartleggingar, digitalisering og stadig nye tiltak.

Likevel konkluderte Riksrevisjonen i juni med at det er «kritikkverdig» at norsk skole ikkje har gitt fleire elevar gode grunnleggande ferdigheiter.

Og så kom PISA 2025
I 2015 låg 17 prosent av norske 15-åringar under nivå 2 i matematikk. No gjeld det 38 prosent. I lesing har delen auka frå 15 til 34 prosent.

Nær fire av ti norske 15-åringar ligg altså under det grunnleggande ferdigheitsnivået i matematikk. Det er eit nasjonalt varsel.

Og som venta: Før blekket på PISA-rapporten var tørt, kom politikarane med nye skolegrep. Det har blitt ein refleks i norsk skolepolitikk. Dårlege resultat? Ny reform. Ny satsing. Ny plan. Ny utgreiing.

Fellesskoleutvalet peikar samtidig på at summen av reformer kan ha overbelasta skolen sin kapasitet til endring.

Etter tretti år med politisk reformiver bør vi ta inn over oss at det siste norsk skole no treng, er endå fleire overflatiske idear frå politikarar om korleis lærarane skal gjere jobben sin. Resultata tyder ikkje på at dei har vore spesielt gode til det hittil. For å seie det som sant er: Innsatsen deira dei siste tiåra står til stryk.

Noregs viktigaste formue
Noregs viktigaste kapital ligg verken under havbotnen eller i oljefondet. Han sit ved skolepultane.

Kunnskapen, ferdigheitene, arbeidsevna og skaparevna til kommande generasjonar er vår viktigaste strategiske ressurs.

Når eit barn går ut av skolen utan å kunne lese godt nok, taper vi menneskeleg kapital. Når ein ungdom med praktiske evner fell ut, taper vi. Når ein elev med svært gode evner aldri blir utfordra, taper vi òg.

Det første tapet dukkar seinare opp i statistikken. Det siste blir kanskje aldri målt.

I ti år har eg arbeidd i norsk skole, undervist over tusen elevar og leia Norsk Lektorlag i Møre og Romsdal i fem år. Mi erfaring er at skolen fungerer rimeleg godt for mange rundt midten.

Problemet finst i ytterkantane.

Altfor ofte har vi forveksla likskap med likebehandling, og inkludering med at alle elevane må vere i same klasserom.

Likeverd er ikkje at alle får det same. Likeverd er at alle får det dei treng for å utvikle seg.

Rykk tilbake til start
Eg har tre forslag for å gjere skolen betre:

  • Nullstill skolen fagleg. 
    Vi må tilbake til kjerneoppgåva: Elevane skal lære å lese, skrive, rekne, tenke og tileigne seg kunnskap. Bøker, handskrift, notat, konsentrasjon og hukommelse er ikkje nostalgiske leivningar frå førre hundreåret. Dei er reiskapar for læring. Teknologi skal brukast når han gjer undervisninga betre. Men digitalisering er eit verktøy, ikkje eit læringsmål.
  • · Begynn med målet. 
    Vi må starte med kva slags innbyggarar Noreg treng om tjue år og bygge utdanninga baklengs derfrå.
    Kva skal ein elev faktisk kunne etter tretten års skolegang?:
    Lese ein krevjande tekst. Skrive forståeleg. Meistre nødvendig matematikk. Møte presis. Halde avtalar. Konsentrere seg. Arbeide sjølvstendig. Samarbeide. Tole korreksjon. Fullføre noko som er vanskeleg.
    Det er påfallande kor konkrete krav vi klarer å stille når unge menneske skal inn i Forsvaret eller arbeidslivet, og kor uklare vi kan bli når vi diskuterer kva skolen skal levere.
  • · Éin fellesskole – ulike utviklingsløp.
    Elevar som strevar, treng intensiv oppfølging og høg spesialpedagogisk kompetanse. Fleirtalet treng god ordinær undervisning. Dei som ligg langt framfor, treng større utfordringar. Fleksibilitet må byggast inn etter fag og utvikling. Utviklingsløpa skal ikkje vere permanente båsar. Fellesskolen skal vere for alle, men inkludering betyr faktisk meir enn å sitje i same klasserom.

For mange styrer. For få underviser
Norsk skole manglar ikkje pengar. Spørsmålet er kva vi bruker dei på. Rundt eleven og læraren finst departement, direktorat, administrasjonar, forskingsmiljø, utviklingsprosjekt, reformer, evalueringar og rapportering. Mykje er sikkert nyttig. Det skulle nesten berre mangle.

Men etter tjue år med satsingar konkluderer Riksrevisjonen framleis med at staten veit for lite om kva tiltak som faktisk styrker dei grunnleggande ferdigheitene til elevane.

Kanskje treng vi færre som meiner, styrer, administrerer og reformerer skolen – og fleire dyktige menneske som underviser? Heile apparatet burde svare på eitt spørsmål:

Gjer dette eleven betre i stand til å lære? Er svaret nei, kan vi spare både tida og pengane.

Eit nasjonalt ansvar
Vi forvaltar Forsvaret, petroleumsressursane og oljeformuen nasjonalt. Kvifor skulle vi behandle den menneskelege kapitalen vår mindre strategisk?

Skolegangen til eit barn kan ikkje vere avhengig av om heimkommunen må spare pengar. Eit tapt skoleår kan ikkje løyvast tilbake seinare.

Staten må ta eit langt tydelegare ansvar for finansieringa og kvaliteten i skolen. Men statleg ansvar betyr ikkje nasjonal detaljstyring. Staten skal sikre ressursane. Lærarane skal få undervise. Vi må sentralisere ansvaret, men desentralisere det faglege arbeidet.

Noreg har hatt råd til å sove
Oljerikdommen har gitt Noreg råd til å utsetje vanskelege val. Når resultata uteblir, kan vi løyve meir pengar, opprette eit nytt tiltak, bestille ei utgreiing – og vente på neste PISA-undersøking. Men pengar kan ikkje kjøpe tilbake tapte skoleår eller læring.

Oljefondet kan finansiere velferda i framtida. Det kan ikkje undervise eit barn, bygge ei bru, utvikle teknologi eller forsvare eit land. Det kan berre betale kompetente menneske for å gjere det. Og fagfolka i framtida sit på skolebenken i dag.

García Márquez skreiv òg Hundre års ensomhet, om Macondo – eit samfunn som gjentek gamle mønster utan å lære av dei.

Men vi har ikkje hundre år på å vakne.

Publisert: 21.09.2026 14:43

Sist oppdatert: 21.09.2026 14:43