Tom Oyvind Solheim Tonje Bjerkan Nordfjordkompaniet
START TIDLEG: Tom-Øyvind Solheim og Tonje Bjerkan i Nordfjordkompaniet startar rekrutteringsarbeidet til arbeidsgivarar i Nordfjord-regionan før skulealder, følgjer opp gjennom heile skulegangen og vidare inn i arbeidslivet . Foto: Nordfjordkompaniet
Synspunkt

Onboardinga byrjar i barnehagen

Den første kommunikasjonen med framtidige arbeidstakarar bør starte 10-20 år før dei skal tilsettast skriv Tom-Øyvind Solheim i Nordfjordkompaniet.

24.02.2025

Nyleg kunne vi lese i lokalavisa at 71 % av bedriftene i Nordfjord slit med å rekruttere folk med rett kompetanse. Dette er eit problem som ikkje kan løysast med kortsiktige tiltak, men krev ein systematisk og langsiktig innsats. Samstundes står 72.000 personar i Vestland utanfor arbeidslivet, noko som understrekar at vi har ein dobbel utfordring: Bedriftene finn ikkje folk med rett kompetanse, medan mange potensielle arbeidstakarar ikkje kjem seg inn i arbeidsmarknaden.

Vi ser også at 53 % av bedriftene i Nordfjord etterspør ingeniør- og tekniske fag, medan 50 % treng folk med handverksfagleg bakgrunn, og 25 % har behov for IKT-kompetanse. Samstundes veit vi at 77 % av bedriftene i regionen ser etter arbeidstakarar med yrkesfagleg bakgrunn, noko som viser kor kritisk det er at vi styrker yrkesfaga og sikrar ein betre overgang mellom skule og arbeidsliv.

Nordfjordkompaniet har allereie teke grep for å betre rekrutteringsflyten i regionen. Gjennom Superlærling har vi styrka lærlingløpet og sikra betre oppfølging av framtidas fagarbeidarar. Med Heia Nordfjord-nettverket har vi bidrege til å rekruttere over 100 personar til regionen. Superjobb har hjelpt bedrifter med direkte rekruttering av kvalifiserte arbeidssøkarar, og no har vi lansert Jakta på Superkreftene – eit prosjekt som følgjer barn og unge heilt frå dei fyrste leveåra og fram til dei blir yrkesaktive. Dette sikrar at dei oppdagar sine eigne superkrefter, utviklar god valkompetanse og finn rett veg i arbeidslivet, helst i Nordfjord.

Vegen til ei berekraftig arbeidskraftsutvikling er ikkje kort eller enkel, men krev eit systematisk arbeid over lang tid. Det er som med alle ferdigheiter: Det ein øver på systematisk, blir ein god på. Vi meiner det er på høg tid å slutte med kortsiktige brannsløkkingstiltak og i staden satse på langsiktige løysingar. Som ein seier: Det er ikkje nok å pisse i buksa når det er kaldt for å halde varmen. Vi treng solide grep som varer.

Når vi seier at onboardinga byrjar i barnehagen så betyr det at ein må byrje å kommunisere med dei framtidige arbeidstakarane allereie 10-20 år før ein skal tilsette dei. Då vil ein i framtida i mindre grad tilsette i blinde.

Vi veit at rekruttering er ei utfordring, men vi veit også at dei som investerer i eit langsiktig rekrutteringsløp i dag, vil oppleve noko heilt anna i framtida. Tenk deg ein situasjon der utfordringa ikkje er å finne folk, men å velje blant engasjerte og dyktige jobbsøkarar som står i kø for å jobbe for di bedrift eller din kommune. Dette er ikkje ein urealistisk draum, men noko vi kan få til saman.

Nordfjordkompaniet er ei ideell foreining som jobbar for fellesskapets beste og er eit samarbeidsorgan for alle som vil bidra til å gjere Nordfjord endå betre. Vi trur på samarbeid mellom skular, bedrifter, kommunar og frivillige organisasjonar. Vi inviterer alle som vil vere med på å løyse utfordringane på lang sikt, til å engasjere seg i dette viktige arbeidet.

Saman gjer vi Nordfjord suprare!

Innlegget er skrive av dagleg leiar Tom-Øyvind Solheim i Nordfjordkompaniet saman med kollegaene Tonje Bjerkan og Geir Arne Solheim.

Publisert: 24.02.2025 13:07

Sist oppdatert: 24.02.2025 14:01