Cecilie Myrseth Fiskebåt foto Ogne
NY NÆRINGSMINISTER: Cecilie Myrseth blei næringsminister 19. april 2024 etter seks månadar og tre dagar som fiskeriminister. Foto: Ogne Øyehaug
Synspunkt

Oppfordring til næringsministeren

Rydd opp i skatte-kaoset for norsk næringsliv, er oppfordringa frå stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) til den nye næringsministeren.

19.04.2024

Venstre vil ønske Cecilie Myrseth lukke til som ny næringsminister, og gi henne éi bestilling: Rydd opp i skatte-kaoset for norsk næringsliv!

Arven etter Jan Christian Vestre sine år som Næringsminister er eit skatte-opprør på grasrota i norsk næringsliv vi aldri har sett maken til. Det hjelper lite med fine ord om forenkling og uendelege mengder vegkart for enkeltnæringar, så lenge bedriftene som skal gjere jobben blir velta på med nye skattar og «Joker Nord»-spel om kva skattar som lurer rundt neste sving.

For Venstre er det uforståeleg at ein Næringsminister i 2024 kan forsvare særskattar på norsk eigarskap av bedrifter samanlikna med utanlandsk eigarskap. Formueskatten på arbeidande kapital og den ekstra arbeidsgivaravgifta på kompetansearbeidsplassar må vekk – og den nye «exit-skatten» må snarast endrast slik at han ikkje jagar grunder- og startup-bedrifter som vi skal bygge framtida vår på ut av landet.

Cecilie Myrseth er frå Nord-Noreg. Ho bør vite endå betre enn Jan Christian Vestre kor strategisk viktig det er med eit sterkt norsk og lokaleigd næringsliv i heile landet, i ei tid der sikkerhetspolitikk grip stadig sterkare inn også i næringspolitikken. Difor er ingen annan jobb viktigare for vår nye Næringsminister enn å rydde opp i skatte-kaoset og arbeide knallhardt for å få vekk særskattane på norsk eigarskap.

Publisert: 19.04.2024 21:41

Sist oppdatert: 19.04.2024 23:48

Mer om