Opposisjonen maa garantere Stad skipstunnel
Synspunkt

Opposisjonen må garantere Stad skipstunnel

- Det er vanskeleg for oss på Vestlandet å skjøne logikken anna enn at våre rikspolitikarar først og fremst ser kvardagen der dei sjølve bur og arbeider, skriv Næringsforeiningane på søre Sunnmøre i dette innlegget.

Forventningane om oppstartmidlar til Stad skipstunnel har vore store framfor framlegget til statsbudsjettet for 2021. Regjeringa har heller ikkje denne gongen prioritert oppstartsmidlar, og no er tida ute i følge bestillinga frå Stortinget.
Vi ber derfor opposisjonen på Stortinget om å ta ansvar for eigne vedtak og ikkje godkjenne eit statsbudsjett der skipstunnelen ikkje er med.
Ambisjonen om å flytte meir gods over på bane og kjøl er med på å understreke viktigheita av dette prosjektet. Skipstunnelen vil gjere transport langs kysten forutsigbar og meir påliteleg. På Vestlandet har vi inga jernbane, men ei hurtigbåtrute langs kysten vil kunne verte vår variant.
Stads skipstunnel er ferdig utreda, kvalitetssikra og kostnadsestimert til tre milliardar, som vil gje store besparande effektar på miljøet, for eksportnæringane og passasjertransporten på Nordvestlandet og ein region med 370.000 innbyggarar.
Til samanlikning går staten inn med betydelege midlar til Fornebubana; ein lokaltransport for ca. 30.000 menneskje. Her er byggekostnaden estimert til 16 mrd (!), der staten skal dekkje halvparten. Det er vanskeleg for oss på Vestlandet å skjøne logikken anna enn at våre rikspolitikarar først og fremst ser kvardagen der dei sjølve bur og arbeider.
Vi er no kome til innspurten for å få prosjektet i hamn og oppstartsmidlane vil være avgjerande for realiseringa av eit «gryteklart» prosjekt som vil gje kysten ei ny tid med forutsigbarheit for godstransport på kjøl langs heile vestlandskysten. Vi forventar at Stortinget viser handlekraft og får Stad skipstunnel inn i statsbudsjettet for 2021 med 60 mill. i oppstartsmidlar.
Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre (NæSS) representerer eit næringsliv med 2 000 bedrifter og 21 500 tilsette i kommunane Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda står no samla bak kravet om realisering av skipstunnelen. Det er no på tide med handling og ikkje fleire utsetjingar for eit prosjekt som har vore igjennom 22 utgreiingar i Stortinget.
Ulstein Næringsforum Daniel Garden, dagleg leiar
Vanylven UtviklingTor Inge Nygård, dagleg leiar
Havlandet/Herøy NæringsforumMerete Flusund
Hareid Næringsforum Idar Flø, dagleg leiar
Sti. Ørsta Næringskontor Odd Magne Vinjevoll, dagleg leiar
Volda NæringsforumRoar Vikene, dagleg leiar
Sande kommune Oddbjørn Indregård, avd. plan og utvikling
Vekst i HareidJulie Sundgot Andersen,prosjektleiar

Publisert: 14.10.2020 22:49

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:42