Noreg er eit langstrekt land med busetnad, næringsliv og verdiskaping langs heile kysten. Skal vi lukkast med nasjonal beredskap, grøn omstilling, trygg transport og utvikle verdiskapinga, treng vi ei heilskapleg satsing på infrastrukturen i heile landet.
Vi som ordførarar meiner det er nødvendig å styrkje investeringane både i veg, luftfart og maritim infrastruktur. For ein kystnasjon som Noreg må òg sjøtransporten og infrastrukturen langs kysten prioriterast høgare i åra som kjem. Stad skipstunnel er eit prosjekt som representerer den nødvendige satsinga på kysten.
Prosjektet har gjennom mange år samla brei støtte frå sjøfartsorganisasjonar, maritim næring, fagmiljø og partane i arbeidslivet. Både LO og NHO har peika på behovet for investeringar som styrkjer tryggleik, regularitet, beredskap og konkurransekraft langs norskekysten. Den breie oppslutninga viser at Stad skipstunnel ikkje berre er eit regionalt prosjekt, men eit tiltak med nasjonal betydning.
Prosjektet har vore gjennom lang planlegging og behandling, og Stortinget vedtok ei kostnadsramme på 5,4 milliardar kroner i 2021. Anbodskonkurransen viser at konkurransen har hatt effekt, og ny ramme er 8,6 milliardar kroner (P85) og ei styringsramme på 8 milliardar kroner inkludert meirverdiavgift.
Det er viktig at staten står ved dei forpliktingane og forventningane som er skapte overfor kommunar, innbyggjarar og næringsliv. Tilliten til nasjonale prioriteringar og politiske vedtak blir svekt dersom prosjekt som er vedtekne og klargjorde for gjennomføring, likevel blir sette på vent eller utsette over tid.
Vi meiner det er viktig at staten no følgjer opp dei ambisjonane som er uttrykte gjennom fleire år, og sikrar at Kystverket kan kåre ein vinnar og signere kontrakt. Noreg treng investeringar som bind landet saman og styrkjer konkurransekrafta i heile landet. Då må også maritime satsingar og kystinfrastruktur få ein naturleg plass i dei nasjonale prioriteringane. Difor oppmodar vi regjering og Storting om å sikre vidare framdrift og finansiering av Stad skipstunnel som ein del av ei breiare og meir heilskapleg satsing på norsk infrastruktur og maritim framtid.
Vi presiserer at Stad Skipstunell er eit prosjekt som ligg under Kystverket og er såleis ikkje i konkurranse med dei prioriterte vegprosjekta i regionen vår.
Kenneth Langvatn (H), ordførar i Giske kommune
Therese J Moen (Sp), ordførar i Fjord kommune
Vebjørn Krogsæter (SP) ,ordførar i Haram kommune
Bernt Brandal (Folkelista), ordførar i Hareid kommune
Ann-Kathrin Storøy (H), ordførar i Herøy kommune
Einar Arve Nordang (H), ordførar i Stranda kommune
Dag Vaagen (H), ordførar i Sande kommune
Turid Humlen (H), ordførar i Sula kommune
Olav Harald Ulstein (Frp), ordførar i Sykkylven kommune
Stian Skorgen Scheide (H), ordførar i Ulstein kommune
Paul Sindre Vedeld (Sp), ordførar i Vanylven kommune
Randi Bergundhaugen (H), ordførar i Vestenes kommune
Sølvi Dimmen (Sp), ordførar i Volda kommune
Per Arne Sørheim (H), ordførar i Ørsta kommune
Håkon Lykkebø Strand (Frp), ordførar i Ålesund kommune
Anne Kristin Førde (Ap), ordførar i Bremanger kommune
Ole Andre Klausen (H), ordførar i Askvoll kommune
Bengt Solheim-Olsen (H),ordførar i Kinn kommune
Petter Sortland (Ap), ordførar i Høyanger kommune
Gunn M Åmdal (Sp), ordførar i Solund kommune
Leif Jarle Espedal (Ap), ordførar i Fjaler kommune
Per Kjøllesdal (SP), ordførar i Stryn kommune
Judith Kvåle (Ap), ordførar i Stad kommune
Jenny Følling (Sp), ordførar i Sunnfjord kommune
Anders Riise (H), fylkesordførar i Møre og Romsdal
Jon Askeland (SP), fylkesordførar i Vestland
Publisert: 02.06.2026 12:13
Sist oppdatert: 02.06.2026 12:13






