Randi Paulsen Humborstad 2020 lysere
VIL HA HURTIGBÅT: Randi Humborstad er dagleg leiar i Måløy Vekst, ein av organisasjonane bak eit felles innlegg for å få fylka til å finansiere huritibåtsamband mellom Ålesund og Bergen.
Synspunkt

Prosessen med å realisere hurtigbåtsamband gjennom Stad skipstunnel må fortsette

Tenk på nytten av ein større bu- og arbeidsmarknad, skriv ei rekkje næringsforeiningar og organisasjonar om hurtigbåt Bergen-Ålesund.

Ambisjonane om å knyte saman bu- og arbeidsregionane mellom Ålesund og Bergen med eit nullutslepps kollektivtilbod i form av hurtigbåtrute gjennom Stad skipstunnel bør ikkje skrinleggast slik fylkesadministrasjonane i dei to fylkeskommunane foreslår.

Hurtigbåtforbindelse gjennom Stad Skipstunnel er omtalt som ein av effektane ved realiseringa av tunnelen i NTP 2022-2033, der det blant anna står: «..Dette kan styrke nærskipsfarten, legge til rette for bedre transporttjenester for kystnært næringsliv og åpne for etablering av nye hurtigbåtruter i regionen».

Hurtigbåtforbindelse har lenge blitt nytta som eit viktig argument for å oppnå positive samfunnseffektar av realiseringa av Stad skipstunnel. Det ligg og ein klar ambisjon frå dei to fylkestinga om at ein ynskjer å utnytte det potensialet som ligg i å etablere eit miljøvenleg kollektivtilbod heile vegen mellom Bergen og Ålesund.

Vi har stor forståing for at politikarar har knappe økonomiske ressursar som skal prioriterast på ulike tiltak, men meiner likevel at det er for tidleg å gje opp ambisjonen om å knytte vestlandet saman med eit nullutslepps kollektivtilbod heile vegen mellom Bergen og Ålesund. Det er få kollektivtiltak som ikkje treng ein eller anna form for offentleg finansiering eller offentleg bidrag. Både ferjer, andre hurtigbåtar, tog, regionale flyruter, bybane eller bussar, treng som hovudregel meir eller mindre offentleg finansiering for å driftast.

Rapporten frå fylkesadministrasjonane i dei to fylka syner at det er mogleg å etablere eit hurtigbåtsaband med nullutsleppsteknologi mellom Florø og Ålesund, som løyser mange av dei skisserte transportbehova. Samstundes peikar rapporten på stor grad av usikkerhet knytt til passasjergrunnlag, kostnadar, inntekter, og økonomisk bidrag frå Staten.

Hurtigbåtnæringa er svært ambisiøs og varslar om ei svært hurtig utvikling av ny teknologi og moglegheiter. I løpet av få år vil vi ha betre og meir eigna nullutsleppsbåtar, som både går raskare og har lågare energiforbruk, enn det som vert lagt til grunn i rapporten frå arbeidsgruppa. Kortare reisetid fører til at tilbodet vert meir attraktivt også for eit større geografisk område langs ruta. Dette vil føre til eit auka passasjergrunnlag for sambandet. Og ikkje minst, så gjer lågare energiforbruk lågare kostnadar for fylkeskommunane enn skissert i rapporten. Det er berre ved å fortsette prosessen vil ein få meir klarheit i desse spørsmåla.

Vi meiner og at fylkesadministrasjonane undervurderer passasjergrunnlaget og samfunnsnytten til det nye hurtigbåtsambandet i sin rapport. Med nye tilpassa rutetider med Kystvegekspressen nordover frå Florø, trur vi at ein allereie i 2024 vil sjå ei monaleg auke i grunnlaget for ruta. Vi trur og at ein undervurderer at ruta i seg sjølv vil utløyse meir samhandling og pendling både internt og i mellom regionane. Internasjonal reiselivsnæring har og synt stor interesse for Stad skipstunnel, og vi trur at det vert undervurdert kor stor attraksjon tunnelen i seg sjølv vert.

Vi skal likevel ikkje henge oss for mykje opp i dette, då passasjergrunnlaget, som det og vert peika på i rapporten, er forbundet med stor usikkerheit, og at billettinntektene uansett vil være usikre i eit lengre perspektiv.

Det vi likevel ber om, er at fylkespolitikarane vektlegg dei samfunnsmessige konsekvensane av å byggje saman større bu- og arbeidsmarknader langs kysten på Nordvestlandet med eit nullutslepps kollektivtilbod. Ein større bu- og arbeidsmarknad vil føre til større potensial for verdiskaping, samhandling mellom næringar, og vekst i folketal i heile regionen.

I staden for å skrinlegge planane om å få på plass hurtigbåtsamband gjennom Stad skipstunnel, slik fylkesadministrasjonane foreslår, så ber vi heller om eit samarbeid med fylkeskommunane for å betre dei statlege finansieringsordningane. Staten har uttrykt eit sterkt ønske om å få på plass nullutslepps hurtigbåtar langs kysten, og då må vi nesten ta utgangspunkt i at dei og ynskjer å være med på eit spleiselag for å få dette til. Vi vil gjerne bidra saman med fylkeskommunane for å synleggjere og jobbe for dei mange positive effektane eit slikt hurtigbåtsamband vil ha for utviklinga på Nordvestlandet, og få staten til å bidra med meir midlar.

Med helsing

NHO Møre og Romsdal
NHO Vestland
NHO Sjøfart
Hurtigbåtforbundet
Maritimt Forum Nordvest
Maritim Forening Søre Sunnmøre (MAFOSS)
Næringsforeningen Ålesundregionen
NÆSS- Næringsforeningane på Søre Sunnmøre
Sogn og Fjordane Næringsråd
Flora Industri- og Næringsforening
Stad Vekst
Måløy Vekst

Publisert: 09.11.2022 08:07

Sist oppdatert: 09.11.2022 15:16