Regjeringa overser ei av dei største og viktigaste språkarenaene i samfunnet. Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor, men regjeringa vil gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket som arbeider for nynorsk i næringslivet. Nynorsk bedriftsforum samlar erfaringar og kunnskap om nynorsk næringsliv og er talerøyr for nynorskbedriftene overfor styresmakter og leverandørar. Utan støtte står dette arbeidet i fare for å stoppe opp.
Erfaringane våre viser kvar barrierane finst og kva som må endrast for å sikre like konkurransevilkår og reelt språkleg likeverd. Når ingen andre har som oppgåve å samle og dele denne kunnskapen nasjonalt, står dette perspektivet i fare for å bli borte frå språkpolitikken.
Nynorsk bedriftsforum søkte om to millionar kroner i fast driftstilskot for 2027. Med unntak av 950 000 kroner i spelemidlar for 2025 har organisasjonen stått utan offentleg støtte.
Medlemsbedriftene våre melder om barrierar på ei rekke område, mellom anna i programvare, digitale tenester, søkeløysingar og kunstig intelligens. Vi får også jamlege tilbakemeldingar om at offentlege sjølvbeteningsløysingar, skjema og digitalt innhald manglar på nynorsk, sjølv om næringslivet er avhengig av desse løysingane i den daglege drifta.
Formell likestilling er ikkje nok dersom vilkåra i praksis er ulike. Dersom språkvalet gir dårlegare løysingar, færre valmoglegheiter og høgare kostnader, blir konkurransevilkåra skeive. Nynorskbedriftene skaper arbeidsplassar, verdiar og inntekter til fellesskapet og må ha like gode vilkår som andre bedrifter.
Vi meiner språkpolitikken må omfatte heile samfunnet, også privat sektor. Difor må Stortinget rette opp budsjettframlegget og sikre Nynorsk bedriftsforum 2 millionar kroner i fast driftstilskot.
Nynorskbedriftene tek ansvar for språket kvar dag. Skal språkleg likeverd vere meir enn fine ord, må staten sikre rammene som gjer det mogleg å halde fram.
Publisert: 08.10.2026 12:21
Sist oppdatert: 08.10.2026 12:21






